Vedlikehald av din Helle-kniv

Vedlikehald av din Helle-kniv

Helle-knivar er laga for å vere med deg ut på dine eventyr. Dei er verktøy designa for å vare livet ut, men dei vil fungere best og vare lengst med korrekt vedlikehald.

Her er nokre generelle råd:

  • Hald kniven din rein og tørr etter bruk. Bruk ein mjuk klut til å tørke den med.
  • Vask kniven med varmt, reint vatn etter å ha brukt den til matlaging eller liknande. 
  • Sett inn skaftet med olje eller voks av og til. Helst eit naturprodukt som linolje og/eller bievoks. Bruk kun voks om skaftet inneheld lær, ikkje olje.
  • Bladet bør regelmessig behandlast med fett eller olje. Dette er særleg viktig om det er eit karbonstål-blad.
  • Bruk fargelaus, nøytral impregnering på slira. Fett eller voks som til dømes salfett eller dubbin kan nyttast.
  • Tørk slira forsiktig i romtemperatur om den blir våt. Aldri tørk tre eller lær nær open ild eller omn for å framskynde prosessen.

Sliping

Helle-knivar er kjende for å vere skarpe rett ut av øskja. Vedlikehald av den sylskarpe eggen er viktig for å få maksimalt ut av kniven din.

Vi anbefaler tradisjonelle, flate slipesteinar eller eit slipesystem med moglegheit for ulike vinklar. Graden av slitasje på eggen avgjer kva korning som skal til for å få knven tilbake til opprinnelig skarpheit. For vedlikehald av ein god egg, les fyrst avsnittet om Scandi grind ("skandinavisk slip") og vinklar, og deretter om korleis vi føretrekk å slipe våre knivar med våre klassiske slipesteinar.

 

Scandi Grind og vinklar

 Vi får ofte spørsmål om slipevinklar og om våre kniver blir levert med "Scandi Grind" eller "True Scandi Grind". Vi omtaler våre knivblad som True Scandi Grind, men har forståing for synspunktet at True Scandi Grind eigentleg er noko anna enn det vi tilbyr. Vi meiner det vi leverer er det beste valet for ein stabil, skarp og haldbar egg. Vi veit også at andre nordiske produsentar brukar liknande teknikkar i deira produksjon. Kanskje ikkje heilt like, ettersom dette er ein prosess vi gjer for hand.

Scandi Grind-vinkelen på Helle-knivblad er i gjennomsnitt på 22,5 grader. Vi anbefaler at måler din vinkel for best resultat. Det førekjem små variasjonar mellom ulike Helle-modellar.

Kvar Helle-kniv blir slipt for hand. I den siste produksjonsprosessen blir knivane stroppa med ei skive påført substans, slik at ein får ein synleg mikro-egg. Denne prosessen skaper ein skarpare egg som ikkje chippar så lett.

Avhengig av korleis du vil ha bladet, finst det ulike måtar å slipe på. Om bladet berre er litt sløvt, kan du fokusere på å friske opp mikro-eggen. Dersom du vil re-etablere ein egg som er heilt borte, må det andre verkemiddel til.

Slik går du fram for å friske opp mikro-eggen:

  • Bruk ein finkorna slipestein og sørg alltid for at steinen er våt. Plasser kniven sin scandi-egg flatt på slipesteinen. Løft vinkelen på kniven litt, slik at du berre sliper den heilt ytterste eggen.
  • Alternativt kan du bruke ein lærstropp med polervoks, om du har dette for hand. Alle lærflater på hardt underlag vil fungere.

Slik re-etablerer og sliper du eggen: 

  • Plasser kniven sin Scandi-egg flatt på slipesteinen og jobbe med heile bladet, eitt drag om gangen. Beveg bladet framover, mot eggen.
  • Jobb med ei side om gangen, til du kjenner ein liten kant på motsatt side. Bytt side og gjenta prosedyra til du kjenner ein kant på den første sida. Du har no etablert ein egg.
  • Byt til ein meir finkorna stein og etabler ein endå skarpare egg.
  • Avslutt med å stryke bladet varsamt over ein svært finkorna stein eller stropp på begge sider. Løft litt, som om du skal skjere tynne skiver.

Tips og tricks for å vere sikker på at du sliper rett: 

Det er vanskeleg å vite om du brukar rett trykk og vinkel. Vi anbefaler derfor å bruke ein tusj for å markere Scandi-kanten før sliping. Start forsiktig, og du vil sjå at fargen forsvinn jamnt frå kanten. Om det ikkje skjer, markerer du om igjen med tusj og justerer trykket til fargen forsvinn jamnt.

Ein kniv er eit svært personleg verktøy. Vi har full forståing for at kvar og ein føretrekk å slipe på sin eigen måte.

Slipesteinar frå Helle

Vi tilbyr to steinar med to ulike bruksområde. Den lille steinen til å ta med på tur, og den store for kniv-vedlikehald heime.

Den lille steinen måler 115 x 30 x 15 mm med 320-korning på ei side og 500 på den andre. Dette er ein perfekt stein å putte i ryggsekken. Steinen blir levert med lærfutteral for å beskytte mot slitasje.

Den store slipesteinen måler 200 x 50 x 25 mm, med 360-korning på ei side og 1000 på den andre. I kombinasjon med den lille steinen vår du her ein perfekt pakke for vedlikehald av dine Helle-knivar. Den store steinen blir levert med eller uten lærfutteral for sikker lagring.


 


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.