Nordlys FG under lupa: Lett utandørskniv med uendelege bruksområde

Nordlys FG under lupa: Lett utandørskniv med uendelege bruksområde

- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Av Joe Price / Team Helle
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Til å vere ein kar som tilbringer mykje tid ute i det fri, har eg jobba meg gjennom ein god del knivar før Nordlys FG fann vegen til beltet mitt. Den plassen har kniven gjort seg fortent til som ein påliteleg makker i lettvektklassen. Nordlys FG er designa for å vere lett å bruke til mange oppgåver: Den er ein nedskalert, brukarvennleg versjon av storebroren Nord, som også er blitt eit fast innslag i mitt arsenal. No skal eg fortelje deg kvifor Nordlys FG no er mitt førsteval blant mine flatgrind-knivar for alt frå treskjering til generelle utandørsoppgåver.

Helle Nordlys FG

Med sine 100 gram er denne versjonen av Nordlys den desidert lettaste, utan at den ofrar nokre av elementa som gjer Nord-serien med kniver fantastisk. Vekta betyr mykje ute i felten, spesielt når du skal på lengre turar eller må forflytte deg i ulendt terreng. Med sin reduserte størrelse og vekt lar Nordlys FG meg takle oppgåver utan å kjenne meg hindra eller nedtynga. Godt mobil, held eg vekta på sekken nede mens eg fortsatt har ein robust kniv ved mi side.

Alt handlar om slipen (stort sett)
Det som skil Nordlys frå resten er slipen - flatgrinden. Flatgrind på knivar er populært, fordi det gir etn allsidig balanse mellom styrke, skarpheit og enkelt vedlikehald. I ein flat sliping smalnar bladet jamnt frå ryggen til eggen, og skaper eit V-forma tverrsnitt. Denne designen reduserer skjeremotstanden, slik at bladet kan skjere meir effektivt gjennom material som grønsaker, kjøt og tre. Flatgrind gir også ein tynn kant, noko som gjer kniven enklare å slipe og halde ved like.

Balansen mellom tynn egg og bladstyrke gjer flatslipte knivar eigna til ulike oppgåver, fra matlaging til utandørsaktiviteter, utan at det går på akkord med haldbarheita. Flatgrinden gir ein konsistent vinkel, noko som gjer slipinga rask og enkel. Den er perfekt for alle som liker eit blad som krevjer lite vedlikehald, men som likevel vil ha førsteklasses ytelse.

Helle Nordlys FG



Klar for bushcraft og mykje, mykje meir
Nordlys FG beheld den bruksfokuserte bladforma til Nord, men i ein størrelse som føles smidig og handterleg. Bladet på 12,2 cm har ein subtil drop-point-profil, som trekker godt i snittet ved utskjering av delikate kreasjonar og generelle skjereoppgåver. Dette er eit av dei sjeldne blada som kjennest akkurat passe for nesten alle scenarier utandørs: Perfekt for alle som leitar etter ein verkeleg allround-kniv.

Nordlys FG er laga i 12C27 rustfritt stål, som er svært motstandsdyktig mot slitasje og robust nok til å tåle dei uforutsigbare elementa utandørs. 3,1 mm tjukkelse på bladet gir ein fin balanse: Tøff nok for tyngre arbeid, men likevel lett og lett å bere. Denne kjennest handterbar, i motsetning til tyngre knivar, sjølv etter ein lang dag.

Noko av det mest tilfredsstillande med Nordlys FG er korleis den kjennest ut i handa mi. Skaftet i masurbjørk - olja, ikkje lakkert - gir ei naturleg kjensle og er behageleg uansett korleis eg held den. Anten eg tar grep framme for spikking eller eit pommelgrep for å hakke og skjere, gir den 12,4 cm lange lengda på dette skaftet meg full kontroll utan å verke klumpete. Det er ein liten detalj, men den er intuitiv og eit døme på gjennomtenkt design.

Nordlys FG kjem også med ei nøktern slire som er like praktisk som den er klassisk - som held kniven trygt på plass og umiddelbart tilgjengeleg. Det er små ting som dette som berre viser kor mykje arbeid Helle har lagt ned på detaljar i dette designet. Det er ein kniv som perfekt kombinerer styrke, presisjon og enkelheit på ein måte som berre fungerer. Om du leiter etter ein kraftig, lett kniv som er lett å bere og aldri vil svikte deg, kan Nordlys FG vere akkurat det du ser etter.
Joe Price er eit lidenskapeleg friluftsmenneske med base på landsbygda i Sverige. Han reiser over heile verda for å dele sin kunnskap og lære meir, og kombinerer si breie villmarkekspertise med djup kjærleik til naturen.

Les meir om Nordlys FG i nettbutikken