Kjøpsbetingelsar

PRIS

Prisane på våre produkt i nettbutikken (helle.no) er inkludert moms og ein blir belasta i NOK.  Alle kostnader ved kjøpet vil vere synleg før ein betalar.

BETALING

Kjøpesummen blir reservert på konto fram til varene er sendt. Vi samarbeider med Stripe som er leiande tilretteleggjar i Noreg av betalingsløysingar for nettbutikk.

SENDE TIL SVALBARD OG UTLANDET

Utanfor Noreg/Outside Norway: Vi leverer ikkje frå denne nettbutikken til utlandet. We do not deliver orders from this webshop to locations outside of Norway. Please see www.helle.com. 

Posten og Postnord har innført eit eige gebyr på pakkar som blir sendt til Svalbard. Difor blir kvar ordre belasta med dette gebyret som f.t. er kr. 185,- Dette blir fakturert i etterkant. 

LEVERING

Normalt har kunden varene etter 5-10 dagar frå vi har mottatt bestilling. Under høgsesong kan det ta litt lenger tid. Varene blir sendt som vanleg MyPack Collect med PostNord. Ein får beskjed når pakken kan bli henta i din nærbutikk. Ved store pakkar blir desse levert på registrert leveringsadresse utan ekstra kostnader.

PAKKAR SOM IKKJE BLIR HENTA

For pakkar som ikkje blir henta av kunden reserverer A/S Helle Fabrikker seg retten til å debitere kunden kostnadene for returfrakt og handteringskostnader.

PRODUKSJON OG LEVERINGSTID

Vi tek forbehold om at vi ikkje har alle varer på lager til ei kvar tid. Om ei bestilling ikkje kan bli levert komplett, vil manglande varer bli ettersendt gebyrfritt/fraktfritt med forbehold om følgjande:

Helle Fabrikker vil ikkje produsere bestikk kontinuerlig. Vi produserer fram fulle sett bestikk til den 25. november og 25. juni. Om vi går tom for deler i mellom desse tidspunkta vil det ikkje bli produsert opp før den neste datoen for fulle sett. Bestillingar som blir gjort når det er tomt av eit produkt på lager vil ikkje bli levert fraktfritt.

ANGRERETT

Helle Fabrikker gir deg høve til å angre kjøpet og få tilbake pengane ved retur av produkt innan 30 dagar etter at varen er mottatt. Kunden betalar retur om ikkje anna er avtalt. Produktet må leverast tilbake ubrukt i originalemballasje og i same tilstand som ein mottok produktet. 

REKLAMASJON

Opplever kunden å få et produkt som har ein produksjonsfeil, vil vi rette opp i dette så raskt som mogleg. Vi gjer merksam på at det kan bereknast opp til 6 månader leveringstid på Helle sine produkt enkelte deler av året. Reklamasjonsfristen er normalt 5 år etter at vi mottok vara. Sjå elles generelle instruksjonar under garanti

OPPLYSNINGAR GITT I NETTBUTIKKEN 

Vi ynskjer å gi våre kundar så korrekt informasjon som mogleg, men skrivefeil og tekniske feil i tekst, prisar og bilete kan førekomme. Dette kan innebære at vi ikkje kan levere i henhold til informasjon gitt i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på annan måte. Vidare forbeholder vi oss retten til å kansellere bestillinga di, eller deler av denne, dersom produktet er utsolgt. I situasjonar der vi er utsolgt av eit produkt vil du få melding om dette, eventuelt saman med informasjon om kva vi kan tilby i staden for. Du vil få moglegheit til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringane vi angir i forhold til di bestilling, eller kansellere bestillinga.

PERSONOPPLYSNINGAR

A/S Helle Fabrikker er behandlingsansvarleg for dei opplysningane som du som kunde oppgir til oss. Opplysningane dine vil bli behandla av oss for å administrere kunderelasjonen, samt marknadsføremål. Du kan henvende deg til A/S Helle Fabrikker og krevje at personopplysningar blir retta eller sletta, eller du kan reservere deg mot at personopplysningane dine blir brukt for direkte marknadsføring. Forøvrig syner vi til personopplysningslova.