Generasjonsproduksjon

Eit generasjonsperspektiv

Sidan starten i 1932 har Helle alltid laga knivar med tanke på både generasjonar som var, er og generasjonar som kjem. Dette er tydeleg både i måten bedrifta er organisert på, og måten vi produserer knivar og bestikk på.



Bedrifta vart starta i 1932 av brødrene Steinar og Sigmund Helle. Steinar var den administrative og salsmessige leiaren. Han hadde reist til Amerika på byrjinga av 20-talet, og då han kom attende 10 år seinare hadde han lært seg viktigheita av "amerikansk" sjølvtillit og vilje til å få ting gjort. Broren Sigmund var på dette tidspunktet ferdig i lære hos det store stålverket i Noreg på dette tidspunket - Stavanger Staal. Saman bestemte brødrene seg for å skape noko nytt av noko gamalt. Dei såg at knivane som dei lokale bøndene brukte i kvardagen var av dårleg kvalitet. Sigmund såg at stålet dei brukte var av dårleg kvalitet - det både rusta og vart sløvt fort. Han ønskte difor å forbetre funksjonaliteten til kniven. Steinar på si side observerte at dei lokale bøndene også hadde ein staskniv dei brukte på sundagar saman med finstasen. Denne kniven var forseggjort, ofte med treskjæringar eller andre dyre element. Steinar tenkte at det måtte vere mogleg å implementere element frå desse stasknivane i "vanlege bruksknivar".

Slik vart grunnfilosofien til Helle - som gjeld den dag i dag - skapt. Ein kniv skal vere eit bruksreiskap, men den skal også sjå bra ut. Ein perfekt Hellekniv er difor den kniven som finn balansen mellom det som er estetisk vakkert og det som er funksjonelt. 89 år seinare er vi framleis på jakt etter å gjere dette enno betre.



Jakta etter denne balansen har også sterkt påverka måten Helle produserer på. Anten det er bestikk eller turkniv, så held Helle på det som fungerer, og byter det ikkje ut om ikkje alternativet fører til betre kvalitet. Det er mellom anna dette som ligg til grunn for det faktum at Helle har vore eigd og drive av den same familien og produsert knivane sine i den same vesle bygda sidan 1932.

"Holmedal er verdas minste knivhovudstad," seier Svein-Erik Helle som er barnebarnet til Steinar og i dag er dagleg leiar ved Helle. "Vi er framleis ei familieeigd bedrift, ikkje fordi vi føler at vi må drive dette vidare, men fordi vi vil vere det. Vi trur på idèen om at kunnskap går vidare i generasjonar. Om vi sel bedrifta eller flyttar produksjonen frå Holmedal vil slik kunnskap forvitre, og knivane våre ikkje vere det same."

Denne trua på kontinuitet og kollektiv hukommelse gjeld også i produksjonen. Maskinene som Helle nyttar til å lage knivar med er maskiner som har levd eit godt, vedlikehaldt liv. Råmateriale som ein nyttar er materiale ein har jobba med lenge. Helle er i dag ein av få industrielle produsentar av kniv som gjennomfører alle deler av produksjonsprosessen sjølv, alt under same tak. Dette fører til ein unik kunnskap om korleis dei ulike delane heng saman. "Og det er ikkje berre på leiarsida vi er tredje generasjon," seier Jan Steffen Helle, som er barnebarnet til Sigmund og produksjonssjef. "Vi har også tredje generasjons fabrikkarbeidarar."

Den kollektive knivhukommelsen er sterk hos Helle. Mange av handverkarane som jobbar ved bedrifta er også framleis småbrukarar, som gjer at dei brukar knivar som verktøy i kvardagen. Dei driv slik med dagleg forsking og utvikling på korleis Helle kan lage betre knivar i framtida.



Helle er i dag ein verdsleiande knivprodusent med distribusjon på alle kontinent. Det er - ikkje på tross av men heller på grunn av - at ein har vald å halde på den kollektive kunnskapen som ein har greidd å etablere i verdas minste knivhovudstad. Omkransa av verdas beste inspirasjon.