Historiske Helle-modellar

Helle har laga knivar sidan 1932, og har hatt mange tusen forskjellige knivmodellar i produksjon gjennom tidene. På denne sida finn du oversikt over historiske modeller. Oversikta er ikkje utfyllande, og vil bli kontinuerleg oppdatert. Du kan også sjå i våre historiske katalogar. 
 
Ser du nokon knivar som manglar? Tips oss gjerne på  post@helle.no

Historiske Helle-knivar

Torodd. Limited edition kniv 2020. Kniven vart laga til ære for Torodd Helle, som leia knivfabrikken som den siste frå den andre generasjonen. Kniven, som er ei nytolking av kniven Sigmund, var ein internasjonal braksuksess. 

 

Morgon. Limited edition kniv 2021. Den følgjer i fotspora til mange av Helle sine klassiske design med samansett skaft og eit blad med fine linjer og høgpolert finish. Samstundes skilte den seg frå tidlegare design i at kniven dyrkar dei mørke fargane i skaftet.

 

Myra. Limited edition kniv for 2020. Til ære for staden der alt starta - farsgarden i Kleppeneset. EIn liten kniv med gode brukseigenskapar. 
Sylvsteinen. 2013-2020. Sylvsteinen var ein stor kniv med detaljar som gjer den ideell både til jakt og stas.
Trofè v2. 2018-2021. Trofé var ein moderne vri på den klassiske norske staskniven. Sjå også Trofè v1. 
Trofè v1. 1997-2005. Trofé var ein moderne vri på den klassiske norske staskniven. Sjå også Trofè v2.
Tollekniv. 1999-2020. Tollekniv var ein særs tradisjonell norsk kniv med bjørkeskaft og framholk. Du kan kjøpe kniven her.
Symfoni. 2002-2018. Ein pen turkniv med framholk i reinsdyrshorn og skjult tange. Slire med bålmotiv. 
Harmoni. 2002-2020. Mellomstorkniv turkniv med samansett skaft. 
Polar. 1997-2013. Liten spikkekniv med masubjørkskaft. Isbjørnmotiv på slira. 
Taiga. 2013-2020. Ein stor jaktkniv spesialutvikla for den aust-europeiske marknaden. 
Saga Siglar. 1984-1989 / 2014-2021. Saga Siglar vart designa saman med Ragnar Thorseth til hans verdsomsegling i vikingskipet med same namn.  
Dokka. 2011-2020. Helle sin første, moderne eigenproduserte foldekniv. Masurbjørk og H3LS.
Skåla. 2013-2016. Rimelegare variant av Dokka i mørkt treverk og ettlagsstål.
Folkekniven. 1998-2021. Folkekniven var ein klassisk skandinavisk turkniv som veg lite og tar lite plass, men som samstundes fungerer til det meste som ein treng ein kniv på tur til. 
Fire. 2004-2019. Nybrotskniv for Helle. Designpris. Delvis fulltangekonstruksjon og feste til karabinkrok. Del av serie med Earth og Wind. 
Earth. 2004-2010. Storebror i serien med Wind og Fire
Wind. 2004-2014. Recurveform og plastknapp på enden av skaftet. Siste i serien med Fire og Earth. 
Ulven. 2013-2016. Stor kniv med solid handtak. Laga for kraftige hender. 
Dovre. 2005-2009. Liten kniv med holk i komposittstein. Slire som kunne festast horisontalt i beltet. 
BraKar. 2004-2020. Stor staskniv med samansett skaft. For storviltjakt. 
75 års jubileum. 2007-2019. Kniv laga til Helle sitt 75 års jubileum i 2007. Klassisk snitt og bladform.