Vanlege spørsmål (FAQ)

Helle FAQ


Kva slags knivar lagar Helle?
Vi lagar skandinaviske knivar for friluftsliv. Heilt sidan 1932 har Helle sitt mål vore å lage vakre og funksjonelle verktøy som du kan bruke med stoltheit og som vil hjelpe deg når det trengs. Ein kniv skal vere ein bruksreiskap, men den skal også sjå bra ut. Ein perfekt Helle-kniv er kniven som finn balansen mellom estetikk og funksjonalitet.

Kva kniv er best for meg?
Kvar kniv er unik på sin eigen måte. Størrelsen og forma på skaftet harmonerer med størrelsen og forma på bladet. Kombinasjonen blir eit arbeidsverktøy som skal passe til deg og ditt bruk. Start med størrelsen som passar til handa di og vurder deretter størrelsen på bladet. Det er alltid best om du kan besøke ein butikk som fører knivane, slik at du kan kjenne på grepet og velje den kniven som passar deg best.

Korleis finn eg skaftet som passar best for meg?
Størrelsen på skaftet er på mange vis viktigare enn størrelsen på bladet. Hvis du ikkje kan gå til ein butikk for å sjekke, mål breidda på handflata di og førestill deg at den må passe til lengda på skaftet.

Kva slags materiale nyttar Helle?
Hos Helle er vi stolte av vår kunnskap om og bruk av naturlege, berekraftige materiale: Stål, tre og lær er berebjelka i dei fleste av våre knivar. Vi nyttar også andre materiale når vi føler at det hever eigenskapane til kniven.

Kva stål nyttar Helle i knivane?
Vi nyttar ei rekkje ulike stålkvalitetar. Vi har to versjonar av eksklusive stål som er trippellaminert – eitt med rustfri kjerne og eitt med karbonkjerne. Vi lager også knivar med eitlags-stål, hovudsakleg frå Alleima (tidl. Sandvik). Sjekk spesifikasjonane til kvar kniv for nøyaktig informasjon om ståltypen.

Kan eg nytte Helle-kniven min med tennstål?
Ja og nei. Det kjem an på stålet i kniven. Dei ytre laga på laminatstål-knivane er ikkje tilstrekkeleg harde til å fungere som tennar. Alle knivar laga med Alleima 12C27-blad er er harde nok til å fungere med tennstål, og dei fleste av våre modellar har 90 graders rygg eller er enkle å forme til 90 grader.

Kan jeg nytte Helle-kniven min til batonging (vedkløyving)?
Vi ser helst at du ikkje gjer det. Særleg ikkje om kniven har ein stikktange-konstruksjon. Riktig utført batonging (vedkløyving) kan gjerast med dei fleste av våre blad, men sjølv med litt unøyaktig utføring eller ujamn ved er det lett å få hakk i eggen, knekke skaftet eller til og med knekke bladet. Uansett er det viktig å kjenne grensene for kniven din. Helle erstattar ikkje kniver som er ødelagt ved batonging (vedkløyving) gjennom vår livstidsgaranti.

Kan eit laminert stålblad nyttast med eit tennstål i ein overlevelsessituasjon?
Ja, i ein overlevelsessituasjon, om varmen frå eit bål verkeleg utgjer forskjellen mellom liv og død, er vårt råd å nytte eggen på kniven mot brannstålet. Det vil sløve kniven og kan påverke kniven sine langsiktige eigenskapar. Om du ikkje er villig til å gjere dette med kniven, er det sannsynlegvis ikkje snakk om ein overlevelsessituasjon.

Korleis sliper eg Helle-kniven min?
Vi har utvikla eit sett med slipesteinar med riktig kornstørrelse for bruk både heime og i naturen. Les meir her om vedlikehald for utfyllande instruksjonar.

Hva er fordelane med laminert stål?
Kombinasjonen av ulike stålkvalitetar gjev det beste frå to verder: Haldbarheit og skarpheit. Overflatestålet lar oss bruke ei kjerne av høg kvalitet som tilbyr ein unik skarpheit. Overflatestålet gjer kniven meir haldbar, då den beskyttar kjernestålet og gjer at kniven ikkje vil knekke like lett.

Kva stål nyttar Helle i det laminerte stålet?
Laminatstålet i våre knivar har blitt kontinuerleg utvikla av Helle i samarbeid med nære partnarar sidan 1960-tallet. Det blir no produsert eksklusivt for Helle, og vi har gitt det namnet H3LS for den rustfrie versjonen og H3LC for karbonversjonen.

Kan kniven min i rustfritt stål ruste?
Alle knivar blir påvirka av miljøet dei nyttast i og kva materiale dei blir utsett for. Våre rustfrie stål er imidlertid svært korrosjonsbestandige. Din Helle-kniv vil vere ein følgesven gjennom mange år, om du berre handterer og vedlikeheld den rett.

Kva slipevinkel er det på knivane med skandinavisk slip («Scandi Grind»)?
Grunnslipevinkelen på våre knivar med skandinavisk slip («Scandi Grind») er 22,5 grader. Det er imidlertid små variasjonar mellom modellane. Les meir her om sliping.

Kva slipevinkel nyttar Helle på fiskeknivane?
Slipevinkelen på våre fiskeknivar er 22,5 grader. Les meir her om sliping.

Kvar blir Helle-knivane produsert?
Helle-knivar har blitt laga i vår lille fabrikk i Holmedal på Vestlandet sidan 1932. Les meir her om kvar, kvifor og korleis vi gjer dette.

Skaftet på kniven min er ikkje heilt symmetrisk. Kvifor?
Alle Helle-knivar er handlaga. Dei blir slipt til si endelege form for hand og polert til den endelige finishen for hand. Det betyr at ingen Helle-knivar ser heilt like ut, og at det kan vere små variasjonar i symmetrien. Vi ser dette som ein del av venleiken og individualiteten til ein handverkskniv.

Eg har fått eit hakk i bladet. Kva gjer eg?
Svaret varierer, avhengig av størrelsen på hakket, ferdigheitene dine og kva verktøy du har tilgjengeleg. Eit lite hakk kan du enkelt fikse sjølv, først med ein grov slipestein og deretter gå over med ein finare til hakket er borte. Om hakket er større er vår anbefaling å sende kniven til ein profesjonell knivslipar som er vand til å jobbe med skandinavisk slip.

Kva er skandinavisk slip («Scandi Grind»)?
Skandinavisk slip («Scandi Grind») kan enklast skildrast som ein enkeltvinkla knivegg. Les meir her om sliping.

Bladet mitt i laminatstål er bøygd, korleis får eg fiksa det?
Det er lett å fikse. Tape opp bladet, både for å beskytte det mot riper og beskytte deg sjølv under prosessen. Plasser kniven i ei skrustikke eller noko liknande, til dømes bøker saman med ei klemme og eit bord. Press deretter forsiktig for å bøye kniven rett igjen. Hugs alltid at du arbeider med ein skarp gjenstand.

Kan jeg bestille knivar med firmalogo, eit namn eller ei helsing?
Mange bedrifter og organisasjonar kjøper Helle-kniv til tilsette, kundar og organisasjoner med logo, namn eller ein spesiell hilsen påført blad eller skaft. Vi kan også ordne gravering i skaftet eller på bladet om du kjøper gjennom vår nettbutikk.

Kva er ein fulltange-kniv?
Fulltange er når bladet er like langt som skaftet og synleg på både rygg- og fingersida.

Kva er halvtange-kniv?
Nokre av knivane våre har ein tange i full lengde som kun er synleg på ryggsida av skaftet. Treet i skaftet dekker bladet mot fingeren. Dette er spesielt bra når det blir kaldt i vêret.

Kva er ein stikktange-kniv?
En stikktange-kniv har bladet festa til skaftet med eit tynnare stålstykke som går heilt til enden av skaftet, der blir låst i posisjon. Hos Helle nyttar vi ein messing-plugg som blir nagla på plass for hand.

Slira mi er øydelagd, kan jeg kjøpe ei ny?
Vi tilbyr slirer som reservedelar i vår nettbutikk. Du kan også be din lokale butikk om å bestille ny slire til deg.

Kvar kan eg kjøpe Helle-knivar?
Helle-knivar med slirer og anna tilbehør kan du bestille i vår nettbutikk. Våre knivar er også tilgjengeleg i mange velassorterte butikkar rundt om i verda. Ta kontakt med ein av våre distributørar for å finne ut kva butikk som fører Helle-knivar der du bur/opphalder deg.

Kan eg kjøpe kniv direkte frå Helle?
Ja, du finn alle våre knivar og rikelig med tilbehør i vår nettbutikk. Vi foreslår imidlertid at du kjøper kniven din hos din lokale forhandlar for å støtte lokale bedrifter. Vi lager individuelle knivar, så den beste måten å finne riktig passform for deg er ved å sjå, ta på og føle på dei.

Tilbyr Helle tilbehørsprodukt og merchandise?
Ja, det gjer vi! Du får tak i alle våre tilbehørsprodukt og merchandise med Helle-profilering her i vår nettbutikk.

Kva er Helle si garantiordning?
Knivane våre har livstidsgaranti mot produksjons- og materialfeil. Om du ønskjer å sende inn eit garantikrav, ver vennleg å ta kontakt med forhandlaren du kjøpte kniven frå. Meir informasjon om korleis du går fram med eit garantikrav finn du her.