Produksjon og materiale

 

Helle er industrihandverk. Vår forståing av kvalitet er bygd på at hand og maskin skal og må jobbe saman for å få eit best og mest unikt resultat. Det er dette som er kjerna av Helle sin filosofi. Vi har produsert knivar og bestikk med utgangspunkt i denne filosofien i nær hundre år, og vi har ikkje tenkt å forandre oss med det første.

Der mange kniv- og bestikkprodusentar i dag har automatisert produksjonen sin og køyrer større seriar, så gjev vår måte å produsere på oss moglegheit til å gje merksemd til kvart produkt. Dette gjev oss ein unik sjanse til å kontrollere kvalitetsnivået og å nytte den fantastiske ingrediensen som tid er.

Vi har tre generasjonar med arbeidarar som gjer denne jobben med stor innsats, ferdigheit og glede. Vi har bevisst rekrutteringspolitikk på at den eldre garde skal lære opp dei yngre i god tid før dei trer av. Og slik går ferdigheitene vidare i generasjonar.

Dette gjeld også for maskinene våre. Dei fleste av dei har vore i kontinuerlig drift i over eit halvt århundre. Dei har blitt tatt vare på av hender som respekterer dei og behandlar dei fint. Vi investerar i eigne mekanikarar som har som oppgåve å gje kjærleik og omsorg til maskinene. Og dei gamle maskinene, dei responderer - dei er nemleg bygd for å vare så lenge dei får omsorg. Og om nokon deler tar kvelden eller vi treng ei ny maskin til ein ny operasjon, då bygger vi dei like gjerne sjølv som å hente inn nye og moderne maskiner. Slik spelar handa også ei rolle i konstruksjonen og vedlikehald av maskinparken.

Om ein skal forstå og setje pris på arbeidet og sjela som blir lagt ned i ein kniv eller bestikkdel frå Helle så er det best å sjå det sjølv. Vi ønskjer dykk velkomne til fabrikken i Holmedal for å sjå godt gamaldags samspel mellom maskin og menneske i levande live.

Tre

Vi nyttar naturlege materiale i våre skaft. Ikkje fordi det ikkje finst positive kvalitetar med kunstige alternativ, men fordi vi kan naturlege materiale - og fordi vi meiner det er mest bærekraftig i det lange løp. 

Materialet vi nyttar mest er tre. I dag nyttar vi berre treverk frå den nordlege halvkule i våre knivar. Dette er igjen eit bevisst val med tanke på bærekraft. Og tresorten vi nyttar aller mest er masubjørk, som er ei type bjørk med ein genetisk defekt som fører til at skota veks innover i stammen. Dette fører til dei karakteristiske mørke "flammane" i treverket. Masurbjørka er i tillegg som all bjørk relativt hard og robust i tørka tilstand. Av andre naturlege tresortar nyttar vi også mykje eik, bøk og vanleg vestnorsk bjørk. 

Vi får inn treverket som plank og tørkar det i tre ulike stadier over ein periode på 15 månader før vi byrjar å arbeide med det. Slik er vi stand til å kontrollere fuktigheitsnivået og la treet utvikle seg naturleg. Tid er her, som andre plassar i produksjonsprosessen vår, essensiell. 

Etter at treverket har tørka tilstrekkeleg byrjar vi å arbeide med det. Her er samspelet mellom hand, maskin og tid essensielt. Etter at skaftet er forma blir det lagt i oljebad for så å bli tromla i gamle whiskeytønner. Om du kjenner litt whiskeylukt av din nye Hellekniv, så er nok dette grunnen. 

Det einaste treverket som vi nyttar og ikkje behandlar slik er Kebony. Kebony er ein norsk formel for å stabilisere vanleg nord-europeisk lauvskog med å nytte eit plantebasert avfallsprodukt frå landbruk. Denne prosessen gjer at ein får eit treverk som er både motstandsdyktig mot fukt, og får den karakteristiske mørke fargen som karakteriserer eksotisk treverk. Det er slik eit godt og bærekraftig alternativ til slike tresortar. 

I tillegg til tre nyttar vi også reinsdyrshorn i ein del av våre modellar. Vi nyttar horn både fordi det er eit robust materiale, og fordi det gir ein fin kontrast til treverket.

Stål

Vi nyttar ulike typar stål til våre knivar og bestikk. Og vi smir, stansar, herdar, sliper og polerer det sjølv.

I vår knivproduksjon nyttar vi primært to typar stål. Den første er variantar av vårt eige patenterte trelagsstål. Dette er eit knivstål utvikla saman med Stavanger Staal og patentert i 1967. Stålet kombinerer eit ytterlag av stål typisk for bestikkproduksjon (304-kvalitet) med eit kjernestål med mykje høgre karboninnhald. Ved å kombinere desse ståltypane blir det ein robust kniv med ein sylskarp egg som ikkje chippar lett. Helle har også utvikla sitt eige laminerte karbonstål.

I tillegg til desse knivane samarbeider vi tett med Sandvik i Sverige og nyttar fleire av deira stål i knivane våre. 

Lær

Alle våre slirer og andre lærprodukt blir stansa, limt, sydd og prega ved fabrikken vår i Holmedal. Vi nyttar høgkvalitetslær frå utvalgte garveri i Europa.