Sigmund - eit symbol på historie og godt handverk

Sigmund - eit symbol på historie og godt handverk

Av Joe Price - Team Helle

- - - - - - - - - - - - - -

Kvar einaste månad av mi reise med Helle bringar med seg eit nytt eventyr og ein ny følgesvenn ved mi side. Denne unike opplevinga lar meg dykke djupt inn i hjartet og sjela til kvar kniv, forstå historia, styrkene og særprega. Denne månaden tok reisa mi ei historisk vending med Sigmund, ein kniv som ikkje berre er eit verktøy, men eit kunstverk, ein arv frå søner og fedre, eigarar og handverkarar.

Sigmund blei raskt meir enn berre ein kniv for meg; den er ei feiring av 80 år med Helle sin dedikasjon til kvalitet. Designet harmonerer med merkevara si historie, med bladet laga av Sigmund Helle på 1930-talet og skaftet som sonen hans gjorde eit raffinert redesign av i 2012. Denne blandinga av tradisjon, innovasjon og familiearv kulminerer i eit funksjonelt og vakkert produkt.

Skaft i særklasse
Skaftet, ein nydeleg mix av eik, lær og tre, taler sitt tydelege språk om detaljfokuset og den lidenskapen som skapte dette mesterverket. Bruken av lær som ein detalj i staden for å plassere det i sentrum demonstrerer sans for funksjonalitet. Læret er eit estetisk element på eit knivskaft. Skaft med mykje lær krever meir omsorg og er meir påverka av elementa. Den store svaien i bakkant er eit vanleg syn på store knivar, og gjer det enkelt å få kniven raskt og sikkert ut av slira kvar einaste gong. Dette er eit trekk eg er glad for å sjå no kjem att i fleire av dei nyaste modellane til Helle.

Eg reknar meg sjølv som eksepsjonelt kresen når det gjelder skaft, og kan likevel trygt seie at Sigmund scorar ein perfekt 10/10 i den kategorien hos meg.

H3LS
Sjølve bladet er eit vitnesbyrd om Helle sitt handverk. Det er laga av Helle sitt patenterte H3LS trippellaminerte stål, med ei lengde på 107 mm. Bladet har rett nok ikkje 90-graders rygg, men for generelle bruksknivar er ikkje det naudsynt. Det som er viktigare for meg er korleis kniven føles i handa og allsidigheita. Sigmund veg berre 94 gram, noko som gjer den til ein fryd å bruke i lengre periodar. Den avrunda ryggen og det 3 mm tjukke stålet treffer der det skal for trearbeid og utskjeringar, med si presisjon og enkelheit.

Det er likevel viktig å erkjenne at Sigmund ikkje er designa for tunge oppgåver som batonering, kapping eller kvisting. Og det er heilt greitt. Ikkje alle knivar treng å vere robuste verktøy med rå kraft. Sigmund utmerker seg i si rolle som eit delikat, presist instrument du knapt vil merke du har med deg, men alltid vil vere glad for å ha ved di side.

Slire med særpreg
Eit anna aspekt som fortener omtale er slira. Akkurat som kniven den tar godt vare på, er slira eit kunstverk. Det handlar ikkje berre om funksjonalitet; det handlar om å fullføre estetikken og opplevinga av Sigmund. Kvar gong eg skyv kniven tilbake i slira, blir eg minna om tanken og omsorgen som spelte med i alle aspekt av designet av denne kniven.

Når eg held fram reisa med Helle, har Sigmund utvilsomt satt ein høg standard. Den er ikkje berre eit verktøy; den er ein følgesvenn som ber med seg arven frå ein familie dedikert til handverket knivproduksjon. Den tener som ei påminning om at i ei verd som stadig hastar mot framtida, ligg det ein enorm verdi i historiene og tradisjonane frå fortida. Sigmund er ikkje berre ein kniv eg ber på hofta; det er eit stykke historie, eit symbol på godt handverk og eit vitnesbyrd om den varige arven til Helle.

Joe Price er eit lidenskapeleg friluftsmenneske med base på landsbygda i Sverige. Han reiser over heile verda for å dele sin kunnskap og lære meir, og kombinerer si breie villmarkekspertise med djup kjærleik til naturen.

Les meir om Sigmund i nettbutikken