Utandørskniven ”Nord”

Utandørskniven ”Nord”

Helle Nord - tilgjengeleg frå og med 3. juni

 

Tilknytninga til naturen og effekten den har på oss påverkar alt vi lagar på Helle, og Nord-kniven er ikkje noko unntak. For oss er Nord meir enn ei himmelretning.

Som dei bratte nordiske fjella står Nord-kniven høgt. Det du ser er akkurat det du får. Nord representerer vårt inntrykk av ærlegheita og reinheita i det nordlege klimaet og terrenget, og viser ein del av filosofien til Helle.

Nord-kniven er laga for å møte krava til den skandinaviske villmarka. Den har utspring frå den 90 år lange tradisjonen vi har som knivmakarar, men med kniven Nord har vi tatt eitt skritt vidare. Denne kniven kombinerer historia vår med framveksten av ein ny friluftsgenerasjon – ved å bruke verktøya våre på ein annan måte og til fleire føremål enn forfedrane våre.

Bakgrunn

Utviklinga av Nord-kniven starta på ein villmarkstur, og vi henta inspirasjon frå ein kniv med røtter i nord, Lappland. Vi hadde lenge hatt ein idé om å justere Lappland for å møte krava og arbeidsoppgåvene rundt leirbålet.

No er det meir enn to år sidan den nye kniven først vart til på teiknebrettet. Dei fyrste prøvene vart laga. Som alltid tar idear ofte sin eigen veg, og det er normalt når vi arbeider med nye produkt i Helle sitt utviklingsteam. Vi har laga prøver, gjort justeringar, nye prøver, justert vinklar, funne balansen, storleiken og valgt stål - inntil produktet gradvis avslører seg sjølv og blir til. 

Målet vårt var å lage ein kniv med mykje meir å tilby enn kva den faktiske storleiken tilseier. Difor kombinerer Nord-kniven eit lengre skaft med eit stort men ikkje overdrevent blad som gjenskapar funksjonaliteten til ein mindre kniv ved skjæring og utskjæring. Skaftet gjev eit sikkert og naturleg grep nær bladet, og skapar god balanse for både skjæring og spikking.

Lengda til kniven gjev i tillegg stor svingvekt når du til dømes ryddar greiner. Utforminga av kniven gjev handa eit sikkert grep mot tommelen. Nord har raskt blitt ein favoritt og snakkis hjå våre utandørsvener som har fått moglegheit til å teste ut kniven.

Med eit 3,7 mm tjukt og skinande blankt Sandvik 14C28N-knivblad, vil denne kniven ta dei fleste utfordringar på strak arm. Den er framleis tynn nok til å skjere med, og den er sterk nok til å handtere alle dei eventyra du har tenkt deg ut på. 

Helle Nord er for sal frå 3. juni 2022.


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.