Handlevogn

Temagami 14C28N Limited Edition - ei markering av 10 års samarbeid

Publisert av Helle Team på
Temagami 14C28N Limited Edition - ei markering av 10 års samarbeid

1932 – 2022. Det er spennande tider i vente når vi nå snart går inn i vårt 90-årsjubileum. I 2022 planlegg Helle å komme med mange gode nyheiter. Men kvifor vente?

Temagami 14C28N Limited Edition – ei markering av 10 års samarbeid

Temagami 14C28N er ei markering av det 10 år lange samarbeidet mellom Les Stroud (aka Survivorman) og Helle og lanseringa av den første Temagami i 2011.

Temagami 14C28N Limited Edition kjem med eit Sandvik 14C28N rustfritt stålblad – sylskarp rett ut av øskja. Spesielt å merke seg med denne versjonen er også den 90 grader skarpe ryggen. Denne kan nyttast til mange oppgåver – til dømes for bruk for å få fyr på bålet med hjelp av tennstål.

Spesifikasjoner for Temagami 14C28N  

  • Treverk: Masurbjørk
  • Stål: 14C28N
  • Ståltjukkelse: 3,0 mm
  • Merke på blad: Temagami 14C28N
  • Konstruksjon: Halv fulltang
  • Slire: Brunt lær

Den første Temagami-kniven vart starten på eit langt og vennskapleg forhold, eit forhold som med tida også tillot oss å delta på eventyr utover våre villaste forventningar.

Bakgrunn av Les Stroud

Når du først prøver å bli ein "villmarksmann" eller ein friluftsguide, er det uunngåeleg at du etter kvart blir komfortabel med - og truleg besatt av - din "friluftskniv". Dette var absolutt også mi erfaring. Og tilfeldigvis var Helle eit av dei første knivmerka eg fekk i hende. Umiddelbart kjende eg igjen den vakre kombinasjonen av form og funksjon, som Helle skaper så perfekt. Eg brukte ulike modeller for hundrevis av turar og overlevelsesekspedisjonar i naturen. Eg brukte dei til å kutte tau og lage feller, og truleg den viktigaste eventyrjobben av alle for ein kniv: Å smøre peanøttsmør på bagelen min.

Då Helle ved ein tilfeldigheit tok kontakt med meg (eg overlet til Helle å seie kvifor dei gjorde det), for å høyre om vi skulle utvikle ein kniv saman, vart eg både smigra og begeistra. Endeleg kunne eg få moglegheita til å designe ein kniv som ville kombinere alle elementa eg såg på som essensielle for ein eventyrar.

Helle skuffa ikkje. Hovudkontakten min, Anders Haglund, og eg brukte mange, mange månader på å sjå på og teste blad, stål, skaft, grep, tresort og tanger, til vi endeleg var klare til å lansere vårt første design: Temagami. Kniven vart oppkalt etter den første staden eg nokon gong har opplevd utandørseventyret.

Temagami kombinerer robustheita som krevast for å vere klar til eitkvart utandørseventyr, med elegansen til bjørkeskaftet og storleiken som passer til nesten alle hender. Eg har vert så heldig til og med å få besøke fabrikken, der eg var i stand til å ta del i kvart einaste trinn i å lage kniven fra stål til tre til slire.

TV-serien min Survivorman var tidsanda til all overlevings-TV. Utan den ville dei andre truleg ikkje eksistert. Helle-kniven min har vore med meg dei siste ti åra på eventyr rundt om i verda. Eg mistenker at den vil vere der i 40 år til med villmarkseventyr.

Det er lett å seie i ein marknadsføringsbrief at merkevara di streber etter den ypperste kvalitet, design og funksjon. Helle meiner det faktisk.

… Les Stroud 

Bakgrunn av Anders Haglund / Helle

Samarbeidet mellom Helle og Les Stroud starta i første del av 2010, då vi tok kontakt med han om ein idé til eit samarbeid. Dette ble deretter fulgt av designmøter over Skype, og produktet vart ferdigstilt då Anders Haglund, creative director hos Helle besøkte Les Stroud ved Survivorman sitt hovudkvarter i Canada.

Kniven fekk ei vellukka lansering under ei messe i Toronto i februar 2011.

Anders Haglund and Les Stroud during a product development meeting in Canada 2010

Anders Haglund og Les Stroud under eit produktutviklingsmøte i Canada 2010

Samme år fekk Helle moglegheita til å vere med å organisere sesongen Survivorman 10 Days in the Norwegian Wilderness, i desember 2011. Eit eventyr vi aldri kjem til å gløyme og truleg ein av de vanskelegaste dagane Les opplevde som Survivorman. Desemberveret i Norge kan vere ganske krevande, og temperaturane skiftar frå regn om dagen til godt under frysepunktet om natta.

 Photo by Anders Haglund, during the Survivorman 10 days in Norway

Foto av Anders Haglund, under Survivorman 10 days in Norway

Innspelinga fann stad på ei lita halvøy i fjorddistriktet. For dei som ikke kan så mykje om norsk topografi, var det meir som eit 1000 meter bratt fjell som stikk rett ut av den like djupe fjorden. Vind, mørkt og kaldt, djup mjuk snø og ingen tørr ved så langt auga kan sjå. Berre få timar med dagslys og lange, kalde netter. Ein episode som ville fått folk flest til å ville halde seg innandørs. På den andre sida byr den også på fantastisk utsikt og ikkje minst naturen vi er så stolte av.

I løpet av tida Les besøkte Norge, fikk han også moglegheita til å stikke innom fabrikken for å vere med på å produsere ein Helle Temagami-kniv.

Nokre år seinare ønskte Les å komme tilbake til Europa for nok ein Survivorman-episode. Nok ein gong fekk laget på Helle moglegheit til å hjelpe. Denne gangen var destinasjonen Karpatene, området velkjend frå Dracula-historiane.

 Photo by Anders Haglund, Les Stroud and Ion Sanduloiu from Salvamonte Arges

Foto av Anders Haglund, Les Stroud og Ion Sanduloiu fra Salvamonte Arges 

Filminga vart gjort i samarbeid med Salvamont Mountain-redningsteamet, som fekk begrensa kunnskap om planane hans. Les opptrådte som ein turist som ved ein feiltaking gjekk seg vill, og ein leite- og redningsaksjon vart iverksatt. Episoda fortel historia frå to perspektiv. Først av ein person i naud (sjølv om Les ikkje ofte er i nød) og den andre av eit redningsteam på jakt etter ein sakna person.

I løpet av alle desse åra har Temagami-kniven vore eit av dei beste alternativa for friluftsmenn og -kvinner verda rundt. Ein påliteleg arbeidskniv som kan brukast over lang tid. Med eit skaft så godt forma at det ikkje vil gi deg hotspots i hendene, sjølv etter lange økter med utskjæring.

 

Den einaste oppgåva Temagami aldri vart designa for å utføre, var å bruke den med eit tennstål. Denne Limited Edition-versjonen har en skarp rygg og vil produsere gnister som fyrverkeri på nyttårsaftan.

Eldre post


Legg igjen ein kommentar

Venlegst merk at kommentarar må godkjennast før dei blir publisert