Planlegging av nye eventyr i det fri

Planlegging av nye eventyr i det fri

Vi legg ikkje skjul på at vi brenn for eventyr ute i det fri, og personleg føretrekk eg gjerne ein aktivitet som flogefiske. Denne sommaren planlegg vi nok ein gong ein tur til Lappland, og den beste inspirasjonen får vi ved å sjå tilbake på eventyret der frå ifjor.

Ifjor sommar starta eventyret vårt med ein ti timars køyretur nordover saman med Benny  @solitary_man for å møte vår ven og guide Mattias @landforss. På denne turen hadde eg også gleda av å få med min 16 år unge son på hans første verkelege flogefiske-eventyr. Og det vart verkeleg eit eventyr av ein tur.

Vermeldinga såg slett ikkje bra ut. Kraftig vind og låge temperaturar var langt frå det vi hadde håpa på, og i alle fall ikkje gunstig for fiske med tørrfloge.

Vinden var altfor kraftig til å gå mot ope terreng den første dagen, og vi heldt oss nede i dalselva. Både vatnet og lufta kjendest ut som seint i november og sjølv om vi såg nokre vak her og der, var det ikkje snakk om å få eit lite napp ein gong.

Då vinden endeleg roa seg satte vi kursen opp i fjella, der den hemmelege elva renn frå Sverige over grensa til Norge. 

Vi slo leir i kraftig vind og samla oss bak presenningen for å lage kveldsmat. Eit dyktig crew, skarpe knivar og svensk kokkaffe gjorde sitt til at vi fekk fyr på bålet og rikeleg med kaffe den første kvelden. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at nokre fekk seg ein liten tår eller to med single malt rundt leirbålet. Kva anna treng du for at ein perfekt kveld skal gi minner for livet.

Den første morgonen var det fortsatt iskaldt, noko som satte ein stoppar for vårt håp om få sjå augestikkarar. Likevel måtte vi berre freiste fiskelukka, og fylte magane med ein god frukost og trava målbevisst mot elva. 

Vi gjorde vårt absolutt beste for å finne den rette floga som kunne fange merksemda til ørreten, men dagen gjekk sakte forbi utan vi såg noko som helst liv.

In the end, it is only the memories we create in life that we carry with us for the rest of our lives. This adventure was shared between father and son, making it even more valuable. Til sjuande og sist er det berre minna vi skapar som vi tar med oss vidare i livet. Dette eventyret vart delt mellom far og son, nok som gjorde det endå meir verdifullt.

"All journeys have secret destinations of which the traveler is unaware"
Martin Buber

Den harde og kalde vinden gjorde tilhøva so utfordrande som dei kan bli. Å halde liv i bålet var alltid prioritet nummer ein. Vi var konstant i gang med å skaffe ved og tennved. Stort sett gjer vi dette med glede – i utfordrande ver kan det vere meir av plikt enn glede, men straks bålet er i gang får vi den same kjensla av varme og komfort.

Nord is keeping us warm

Vårt favorittverktøy på denne turen vart tidleg den anvendelege og stødige Nord-kniven. Etter år med utveklingsarbeid er det ekstremt gjevande å bruke eit produkt, og ikkje minst sjå andre bruke det. Alle dei små justeringane undervegs i prosessen har betalt seg og gjort kniven so fleksibel og anvendeleg som den kan få blitt. Spesielt i og rundt leiren, der den handterte alle oppgåver frå leirbygging til kjøkkenarbeid.

Alt i alt må det berre bli ein ny tur i år. Vi har ikkje bestemt i detalj kor vi skal reise, men planleggina og draumane om framtidige eventyr er også ein del av reisa.

Father and son

Vi håper denne teksten har gitt deg inspirasjon til nye eventyr.

Anders Haglund

Ein særskilt takk til Benny @solitary_man og Mattias @landforss for at dei gjorde denne turen til eit unikt og spesielt minne. Ta gjerne turen til deira Instagram-sider for meir inspirasjon.


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.