The Didi Galgalu story - Helle

Lik, men ulik – ny, men gamal: Historia om Didi Galgalu

Nye Didi Galgalu i 14C28N-stål er ein oppgradert versjon av vår mest selde bushcraft-kniv - med ei fascinerande historie som knyter kontinent og knivkulturar saman. 

The Helle and Voetspore team talking knives and travel in their South African shop.

Den originale Didi vart utvikla som eit samarbeid mellom Helle og Voetspoere: eit team med sørafrikanske eventyrarar leia av Johan Badenhorst, som har utforska fleire kontinent gjennom 30 år med aktivitet.  

The Helle and Voetspore

Anders Haglund frå Helle reiste med Voetspore-teamet frå Pretoria i Sør-Afrika til endestasjonen som gav kniven sitt namn - Dida Galgalu-ørkenen i Kenya, like ved grensa til Etiopia.

The Dida Galgalu desert that gave the knife its name

 

Didi er ein stor kniv for store eventyr. Den vart utvikla for for å kunne handtere alle oppgåver du kan utsetje ein kniv for under dei tøffaste tilhøva ein kan tenke seg. Den vart testa i felten i svært ulike klimaforhold - både på turane til Voetspore i Afrika og av Helle-teamet i dei nordiske landa. Ettersom samtlege av designarane var relativt røslege karar, vart skaftet designa med deira hender som utgangspunkt.

A first production batch Didi - in 12c27 steel and Kiaat wood

Den første generasjonen av Didi-knivar tok med seg denne trans-kontinentale kombinasjonen til valet av materiale. Det vart svensk 12C27-stål i bladet, mens tresorten i skaftet opprinneleg var tradisjonell afrikansk hardwood - Kiaat (eller Muninga). 

Populariteten vaks gradvis, og i 2020 hadde kniven fått ein stor tilhengarskare i bushcraft-miljøet. Vi bestemte oss derfor for å endre skaftet til ein stabilisert tresport - kebony. 

The 20020 version: Didi Galgalu with Kebony handle

I 2022 ville oppgradere kniven ytterlegare. Det neste, naturlege steget måtte vere å bruke stålet vi stort sett alltid tyr til for kniv i bushcraft-segmentet - 14C28N - og vårt favorittmateriale for skaft - masurbjørk. Resultatet vart gjort tilgjengeleg i Japan i slutten av 2022, og vart ein stor suksess. Nå er vi stolte av å kunne tilby Didi Galgalu 14C28N til resten av verda


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.