I sommar er det 90 år sidan brørne Sigmund og Steinar Helle bygde si eiga smie og begynte å lage knivar på familiegarden i Holmedal. Mykje har endra seg sidan det, men for Helle gjeld enno filosofien til Sigmund og Steinar: Å lage solide verktøy som både kjennast og ser bra ut. 90 år og to generasjonar seinare er Helle sin designfilosofi stadig tufta på det same etablerte prinsippet. I dag er det produksjonssjef Jan Steffen (barnebarnet til Sigmund) og dagleg leiar Svein-Erik (barnebarnet til Steinar) som har i oppgåve å føre desse prinsippa vidare.
Under utforminga av årets Limited Edition-kniv ønskte Jan Steffen og Svein-Erik å heidre sine besteforeldre ved å designe ein kniv som bevarte essensen av besteforeldra sin designfilosofi. Dei blei einige om at utgangspunktet skulle vere toppmodellen til Helle i de tre første tiåra med produksjon: Fjellkniven-serien. Dette var Helle sitt "high-end"-alternativ på den tida og kombinerte mange av elementa i tradisjonell norsk knivkultur med high-end materialval, med eit høgpolert blad med falsk egg/svai på ryggrada. Jan Steffen og Svein-Erik var også einige om at det riktige var å gjenbruke det gamle sliremønsteret utvikla av besteforeldra på 1930-tallet og gjeninnført med Sigmund-kniven.
Helle Fjellkniven
Etter det tok imidlertid semja slutt. Jan Steffen ønskte å heidre bestefaren sine smiferdigheiter og inkludere et raudt element i designet. Svein-Erik på si side ville inkludere den klassiske Helle-grøn og reinsdyrgeviret – bestefaren sin favoritt – i designet. Sidan mangfald av meiningar har vore verdsett i Helle-familien fra starten, blei dei derfor einige om å lage eitt design kvar.
Helle er difor stolt av å presentere to Limited Edition-knivar for 2022:
Helle JS
Jan Steffen sitt design har eit 110 mm langt og høgpolert H3LS-blad med ein liten falsk kant/svai på ryggraden. Handtaket på 107 mm har stabla raude lærinnlaup og masurbjørk i kombinasjon.
Slira, med det originale Helle-trykket i 1930-talstil, kjem i svart med raude saumar for å hedre smia som Jan Steffen sin bestefar hadde ansvaret for å drive.
Helle JS - Limited Edition
Modellnavmn: JS |
Modellnr: 200676 |
Total lengde: 217mm |
Stål: H3LS |
Skaft: Raudt lær, masurbjørk |
Veil. pris: 1499 NOK |
Helle SE
Svein-Erik sitt design har også eit 110 mm langt og høgpolert H3LS-blad med en liten falsk kant/svai på ryggraden. Handtaket er med 115 mm noko lenger, med innfelt reinsdyrhorn i tillegg til masurbjørk og grønt lær.
Slira, med det originale Helle-trykket i 1930-talstil, kjem i klassisk brunt lær med kvite saumar som matcher gevirhornet – Svein-Erik sin bestefar sitt favorittmateriale.
Helle SE - Limited Edition
Modellnamn: SE |
Modellnr: 200684 |
Total lengde: 225mm |
Stål: H3LS |
Stål: Grønt lær, reinsdyrhorn, masurbjørk |
Veil. pris: 1499 NOK |
Picture: Helle JS & SE - Limited Edition