Ei vikinggrav og eit fabrikkspøkelse - historia om den sorte dame

Ei vikinggrav og eit fabrikkspøkelse - historia om den sorte dame

Ei vikinggrav under ein knivfabrikk? Det er nesten for godt til å vere sant. Men det er det ikkje. Deler av Helle sin fabrikk i Holmedal er nemleg bygd oppå plassen for eit gravfunn frå Viking-tida. Og enkelte hevdar at dette kan ha ført til det einaste knivfabrikkspøkelset i verda. På Helle har det nemleg i femti år blitt fortalt historier om ein dameskikkelse i svarte klede nattestid...

Ei grav i Holmedal

Men lat oss ta det heile frå starten. Den 7. mai 1926 vart det stor oppstandelse i den lille bygda Holmedal. Ein arbeidsgjeng som skulle bygge eit grisehus ved sidan av den gamle margarinfabrikken hadde støtt på noko som likna mistenkeleg på eit gravfunn. Tidlegare stortingsmann Bakke nytta den nyankomne rikstelefonen og telefonerte direkte til Universitetet i Bergen, som sendte sin beste mann: arkeolog Haakon Shetelig, ein av dei fremste ekspertane på vikingtida i Noreg. Han hadde mellom anna vore særs delaktig i utgravingane av Osebergskipet. Shetelig heiv seg på første dampbåt nordover.


Foto frå utgravinga i 1927. Foto: H. Shetelig / Universitetet i Bergen

Vel framme i Holmedal sette Shetelig i gang. Utgravinga føregjekk utan store vanskelegheiter, med unntak av eit stort tal tilskodarar – noko som til slutt førte til at Shetelig måtte beordre ei inngjerding av området!

Når funnet var ferdig utgravd, konkluderte Shetelig med at båten var frå den eldre vikingtida, med ei gravkiste i midten som ved funnet på Oseberg. Det var tydeleg at grava hadde blitt plyndra i tidlegare tider, for ut i frå størrelsen på båten var det tydeleg at det var ein viktig person som hadde blitt gravlagt. Men ut i frå det som vart funne inne i kista – vevlodd, ein liten kopp i leire, flint og restar av tøy – så var det klart at det var ei kvinne som var gravlagd der.

Foto frå utgravinga - innhaldet i båten.  Foto: H. Shetelig / Universitetet i Bergen

Shetelig tok med seg det som var mogleg å transportere tilbake til museet i Bergen, og resten av gravplassen vart fylt over.

Kniven flyttar inn

16 år seinare kjøpte brørne Steinar og Sigmund opp den gamle margarinfabrikken og flytta produksjonen av knivar ut frå smia på farsgarden og inn i den gamle fabrikken. Produksjonen auka raskt, og utover 40- og 50-talet kjøpte dei jordstykket aust for fabrikken med sikte på å utvide. Dette var området der vikinggravfunnet hadde skjedd.

Nybygget tar form utover 50-talet

Påbygginga skjedde i fleire steg på 50-talet, og Helle-karane fylte dei nye lokala med moderne maskiner henta frå utlandet. I Holmedal produserte ein utover 50- og 60-talet store mengder bestikk i tillegg til sportskniv. Bestikkproduksjonen gjekk på skift, så det var folk på fabrikken både tidleg og seint.

Legenda om den sorte dame tar form

Etter kvart byrja det å gå rykter blant dei som jobba på det seine skiftet om at det var merkelege lydar i fabrikken etter at det vart mørk. Det er jo alltid lyd i ein gamal fabrikk, men her var det snakk om rasling i stål, tunge gjenstandar som datt i golvet, og banking der det ikkje var folk. Enkelte meinte så vel at dei ved fleire høve hadde sett ein svartkledd kvinneskikkelse i den vestlege delen av «nyebygget» – som tilfeldigvis er rett over der ein fann vikinggrava 40 år tidlegare.

Det var arbeid både tidleg og seint på fabrikken på 50- og 60-talet. 

Rykta byrje å spreie seg, og dei fleste Holmedølingar er i dag vaksne opp med legenda om den «sorte dame» som går igjen på knivfabrikken. Helle-karane påstod sjølv at dette var tull og gamal overtru, men merkeleg nok ville verken Sigmund eller Steinar opphalde seg i første etasje av den nye delen av fabrikken etter klokka 22 om kvelden…

Den sorte dame i dag      

I år er det 90 år sidan Helle vart opprette, 80 år sidan Helle flytta ut i den gamle margarinfabrikken og 70 år sidan ein byrja på utvidinga av fabrikken og bygget som dekka den gamle gravplassen. Dette ønskte tydelegvis nokon å markere, for på seinsommaren og i nattens mulm og mørke hadde kunstnaren Töddel vore på besøk og pynta fabrikken med ein nydeleg versjon av den sorte dame. I tillegg har ivrige lokale ungdomar laga skodespel med utgangspunkt i legenda om den sorte dame, og framført det med stor suksess i produksjonshallen over der grava låg. Vi på Helle er blitt både glade i og stolte av den sorte dame, og vi håpar og trur at ho er blitt glade i oss òg. Difor feirar vi med å lage eit avgrensa opplag av vår Viking-kniv med gravering av Töddel sitt trykk av den sorte dame i skaftet. Denne kan du no kjøpe i vår nettbutikk.

 

… og så til det store spørsmålet: kva med den «ekte» sorte dame i dag? Vel, dei nye Helle-karane meinte i utgangspunktet at dette var noko tøys, men etter seine kveldar i slipemaskina er ikkje Jan Steffen like sikker lenger.  

 

 


Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.