Det blir ein del av deg – Solbjørg Vik

Det blir ein del av deg – Solbjørg Vik

Helle har mykje historie, og den viktigaste delen av historia vår er dei flotte menneska som har vore med og gjort Helle til det vi er i dag. Vi ynskjer å dele desse vitnemåla og historiane med deg.

Solbjørg Vik

  • Alder: 69
  • År hjå Helle: 41 
  • I 1981 starta Solbjørg Vik si reise som ein del av Helle. Gjennom 41 år var ho med på opp- og nedturar for «Kniven», som fabrikken er kjend som på folkemunne.

    – Eg fekk heile utdanninga mi her på Helle. Her var det rett på sak, med læring på ekte frå fyrste stund. I starten gjekk eg inn som sekretær, på den tida då ein framleis reinskreiv notat på maskin. Løn og rekneskap vart tidleg oppgåver for meg.

    På 90-talet fekk Solbjørg sjansen til å drive oppsøkjande kundekontakt, i fyrste rekkje mot bedrifter. Gjennom 41 år rakk ho å få med meg heile sirkelen innanfor sal, kundepleie og administrasjon.

    – Eg merka raskt at sal var noko for meg, og det var kjekt å bli med på oppturen til Helle. Frå 2000 drog eg ut på vegen som seljar, med Vestlandet frå Haugesund til Nordfjordeid som nedslagsfelt. Frå rundt 2010 trappa eg ned livet ute på vegen, i takt med at sal og kundekontakt meir og meir vart gjort over telefon og epost. Helle utvida horisonten til utlandet, med kundar med ein del andre behov enn dei norske.

    Mine favorittknivar

    Solbjørg har sett ei lang rekke knivmodellar komme og bli til historie opp gjennom åra. Av dagens Helle-knivar peikar ho på fire personlege favorittar:

      Eggen

      Eggen har alle eigenskapane eg legg vekt på i ein kniv som skal brukast. Den gode fingerstopparen og det fleksible stålet gjer den svært anvendeleg. Ein stilrein, fin, enkel og ærleg kniv.

         

        Mândra

        Liten og lett, men med eit langt større bruksspekter enn størrelsen skulle tilseie. Denne kniven lar deg komme tett innpå at du skal jobbe med, slik at du har full kontroll.

           

          Kletten

          Ein robust foldekniv. Lett å få plass til, lett å bere med seg. Foldeknivar kan ofte bli litt spinkle og sårbare, men Kletten leverer alltid fullt på høgde med «vanlege» knivar.

             

            Fossekallen

            Fossekallen er på mange vis ein mindre variant av Eggen. Skaftet passar betre til mindre hender, noko som gjer den til ein flott juniorkniv og konfirmasjonsgåve. Dette er kanskje den kniven eg sjølv brukar mest.

            Historieprosjektet

            Solbjørg pensjonerte seg i 2021, men klarte ikkje å halde seg borte så veldig lenge. No er ho i full gang med eit historieprosjekt for å dokumentere drift, produkt og filosofi sidan Helle opna dørene i 1932.

            – Mykje var samla i øskjer og skåp, men det var gøymt bort. Eg var heldig som blei spurt om å systematisere materialet, slik at det kan komme til nytte.

            Målet med prosjektet er å få fram heilheita som har prega utviklinga til Helle heilt frå starten.

            – Det er interessant å sjå korleis ulike idear og initiativ har sitt tydelege utspring i dei same grunnfilosofiane. Ein kan lett sjå den raude tråden som strekker seg heilt frå starten i 32 og fram til i dag.

            – Det er heilt utruleg korleis Helle har tatt reisa frå å selje knivar rett frå ryggsekken til å bli ein internasjonalt kjend merkevare. Knivbransjen er knallhard, og ein skal ha rikeleg med tolmod og vilje for å klare seg i den jungelen. I 1932 sykla dei til Oslo med nokre knivar – no sender vi titusenvis av knivar til kundar over heile verda.

            Framtida for Helle

            Framtida til Helle heng tett saman med historieprosjektet Solbjørg arbeider med no. Historia fortel om enorm vilje til å få til det ein har bestemt seg for.

            – Det handlar om ikkje å gje seg, og det står enorm respekt av den innsatsen som er lagd ned. Utfordringar var og er til for å løysast – på Helle krummar vi nakken og står på.

            – Viljen til aldri å gje seg smittar over. Ein får ein fellesskapsfølelse som er gull verdt, både for bedrifta og for den enkelte. Det blir ein del av deg.


            Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.