200800
Eksklusivt tilbod: Bestill kniven og få med eit "Helle Knife Cover" med Margit sin logo og helsing for berre 2499 samla - 400 kr under vanleg pris.
Natur. Mat. Opplevingar. Augeblikk. Minner. Ting som ein kan dele. Ting vi er glade i hjå Helle. Då vi hjå Helle laga vår første kokkekniv på 60 år var det dette vi hadde i tankane. Difor har vi gitt kniven namnet Dele og difor valde vi å dele utviklingsprosessen med Margit Dale.
Dele vart utvikla over ein periode på 24 månader, og vi kan no endeleg stolt seie at vi har laga eit verktøy som bygger bru mellom kjøkkenet sine avgrensingar og naturen sine underverk. Kniven er laga for å motstå tøffe påkjenningar ved utandørs matlaging og sjå bra ut medan den gjer det. Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet – saman med dei som er viktige for deg.
Det høgpolerte knivbladet i 12C27-stål sikrar sylskarp ytelse og enkel oppkutting av all mat du måtte finne på å teste den med. Samstundes har bladet ein tjukk nok rygg til å takle hakking og hardare kutting. Inspirasjon til utforminga av bladet fann vi ved å blande forma til ein tradisjonell europeisk kokkekniv og ein Santoku. Ved å kombinere kvalitetane til desse to kjøkkenknivkulturane, trur vi at vi har funne eit blad med akkurat passe størrelse og form, som gir deg ein god balanse mellom kontroll ved findeling og kraft for større opphakking. Ettersom det er ein kokkekniv, kjem Dele med full flat grind-sliping.
Det ergonomiske skaftet er inspirert av Helle sine tradisjonelle utandørsknivar, og gir eit komfortabelt og sikkert grep, slik at du kan takle alle kulinariske utfordringar med sjølvtillit. Den flate støtta mellom skaftet og bladet gir eit sikkert frontgrep når du skal hakke lauk eller andre grønsaker. Det fyldige skaftet sikrar samstundes eit komfortabelt grep ved tyngre skjereoppgåver. Skaftet er laga i vårt favorittmateriale – masurbjørk. Bjørkeved har gode antibakterielle eigenskapar, ligg godt i handa – og som ein ekstra bonus har det individuelle mønsteret til masurbjørka den funksjonen at ingen knivar ser like ut.
Standardversjonen av Dele kjem med ein bladbeskyttar i lær som du enkelt kan setje på kniven om du planlegg å transportere den – anten du lar den ligge i skuffa, tar den med deg på kulinariske eventyr eller når du skal ut på tur.
Ønskjer du ei oppgradert og eksklusiv slire, har vi laga eit nytt Helle Knife Cover som passar perfekt til Dele. Denne knivmappa beskyttar heile kniven, og du kan enkelt henge den opp på kjøkkenet, hytta eller leirplassen. Helle si knivmappe passar i tillegg til mange andre av våre klassiske modellar.
****
Detaljar | Dele |
Vekt inkl. bladbeskyttar |
205 g |
Stål | Alleima 12C27-stål, polert, 59-61 HRC |
Bladtjukkelse |
3,0 mm |
Bladlengde | 160 mm |
Konstruksjon | Fulltange |
Skaftmateriale | Masurbjørk og vulkanfiber-innlegg |
Skaftlengde | 115 mm |
Sliremateriale | Ekte lær |
Design | Helle i samarbeid med Margit Dale |
Designår | 2023 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.
Open hereA beautiful knife. Looking forward to use it both in the kitchen and in the great oudoors, here in Norway
Superb.
++
The best looking, greatest balanced, and sharpest knife I ever saw!