Ledig stilling

Stillingsutlysing: Medarbeidar i stål- og treavdelinga vår
Helle søkjer ny medarbeidar til stål- og treavdelinga vår
Helle Fabrikker er ei familieeigd bedrift som vart grunnlagt i 1932, og har sidan då produsert sportskniv og bestikk i beste kvalitet på kaia i Holmedal og selt desse til alle kontinent. Helle knivfabrikk har dei siste åra gått gjennom eit generasjonsskifte, og er ei bedrift i vekst, særskilt internasjonalt.
Er du glad i å skape og produsere? Likar du høgt tempo og at ting skjer? Kan du tenkje deg å jobbe i eit kreativt, industrielt miljø som konkurrerer i verdstoppen i sin kategori? Er du ein lagspelar som likar å ta ansvar?
I så fall har vi på Helle Fabrikker jobben for deg. Vi søkjer ein ny medarbeidar i tre- og stålavdelinga vår. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til trevareavdelinga, og innebere:
- Innstilling og køyring av både CNC-styrte maskiner og eldre maskiner
- Manuelt produksjonsarbeid knytt til forming av tre
- Reparasjonsarbeid knytt til maskiner.
- Bidrag inn i planlegging og gjennomføring av skaftproduksjon
- Bidrag inn i utvikling av produksjonen så vel som nye produkt
Vi ser etter deg som har:
- Interesse for korleis ting heng saman og ønske om å lære dette.
- Eit ønske om å vere med å skape produkt som skal konkurrere på ein verdsmarknad.
- Evne til å ta instruksar og følgje desse, men også arbeide sjølvstendig.
- Evne til å ta ansvar og sikre at produksjonsplanar blir følgde.
- Erfaring frå industriell produksjon der tid er pengar.
- Eit godt auge for detaljar.
Erfaring frå innstilling av maskiner som er CNC-styrt er ønskeleg, men ikkje naudsynt.
Arbeidsstad: Helle sin fabrikk i Holmedal, verdas minste men finaste knivhovudstad.
Vi kan tilby:
- Konkurransedyktige lønns- og pensjonsvilkår
- Eit godt og samansveisa arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Høve til å skape og forme framtida til knivar i verdsklasse.
Høyrest dette ut som noko for deg? Verkar dette interessant, så send gjerne søknad og CV til post@helle.no innan 24. mai 2026. Om du har spørsmål om stillinga ring dagleg leiar Svein-Erik Helle på 57733500. Vi ser fram til å høyre frå deg.