Handlevogn

Mândra

1.449,00 kr

Mândra er ein solid, liten fulltangekniv som kan nyttast til det meste. Kniven er designa saman med "Survivorman" Les Stroud for å vere ein liten overlevelseskniv som ein kan stole på i alle situasjonar. 

Sjølv om dette er ein liten kniv så er den raskt blitt ein av våre favorittknivar. Fulltangeskaftet er forma slik at ein får eit utruleg godt grep, og det at bladet er breiare enn skaftet gjer at ein får ein naturleg fingerstoppar i front. 

Bladet i sylskarpt trelagsstål er relativt breitt og akkurat passe langt til at du har ekstremt god kontroll på kniven uansett kva type aktivitet du driv på med. Mândra er også ein utmerka flåkniv.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær med trykknapp. Den har både oppheng til belte og reim til å bære rundt halsen.

Namnet Mândra betyr "stolt" på rumensk sidan Les Stroud og eit team frå Helle befant seg i Romania når designet vart utvikla. 

**********

Detaljar Mândra
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 2,6 mm
Bladlengde 69 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk og rørniter i messing
Lengde handtak 80 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Les Stroud
Designår 2015

 

Customer Reviews

No reviews yet
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)