201049
Helle Fossekallen er lillesøster til Helle Eggen. Kniven har den samme forma og balansen, men passar betre for mindre hender. Med Fossekallen får du ein liten kniv som passar små til mellomstore hender, men som samstundes er ideell til alle føremål du treng i ein turkniv. Fossekallen kjem no i 12C27-stål.
Det polerte heiltreskaftet i masurbjørk har ein markert mage og ein solid fingerstoppar, noko som gjev eit særs godt grep. Den mørke oljen bidreg til å bringe fram det flotte mønsteret i masurbjørka.
12C27-stålet gir ein sylskarp og solid egg samstundes som det er relativt lett å sette opp igjen om det skulle bli behov for det. Forma på bladet er ideell til både spikking og pølsekutting - og det meste anna ein treng ein kniv til på tur.
Fossekallen kjem med ei slire i klassisk brunt vegetabilsk lær. Slira er forma med ein trykknapp som klemmer rundt skaftet og held kniven sikkert på plass.
*****
| Detaljar | Fossekallen |
| Stål | 12C27 rustfritt |
| Bladtjukkelse | 2,6 mm |
| Bladlengde | 90 mm |
| Konstruksjon | Stikktange |
| Skaftmateriale | Masurbjørk |
| Lengde handtak | 115 mm |
| Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
| Designer | Helle |
| Designår | 2009 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Something went wrong. Please try again later.
Jeg bestilte to Fossekallen med inngravering i skaftet, og er virkelig storfornøyd med knivene! En nett kniv for en noe mindre hånd, perfekt til spikking og turbruk. Nydelig treverk i håndtaket.
Fossekallen
Fantastisk flott kniv. Graveringa var utmerket!
Fossekallen
Helle er synonymt med kvalitet og holdbarhet. Knivene deres er upåklagelige.