Viking WWC 2025 Special Edition
208096
- Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
- På lager
Viking WWC 2025 er ein spesialversjon av Viking-kniven, eksklusivt designa for verdsmeisterskapet i vektløfting i 2025. Denne kniven er utvikla saman med den svenske vektskiveprodusenten Eleiko, og kombinerer eit 1000 år gamalt design med gummimaterialet som Eleiko bruker på skivene sine og ekte handverk fra Helle. Kun 500 eksemplar er produsert – inkludert knivane som blir tildelt alle medaljevinnarane i VM i Førde i 2025.
Om originalversjonen av Viking
Viking er ein ekte replika av ein Viking-kniv funne ikkje så langt frå der knivfabrikken ligg i dag. Det som fungerte den gang då fungerer også i dag - om ein lagar det skikkeleg.
Handtaket er tønneforma og laga i eit heilt stykke masurbjørk. Som knivar frå vikingtida har den ikkje noko fingerstoppar sidan kniven primært vart nytta til finare arbeid. Bladet er lengre enn hjå lillebroren Saga Siglar, og Viking er difor i enno større grad ein fleirbrukskniv som kan nyttast til det meste ein treng ein kniv til den dag i dag.
Finishen på knivbladet kjem frå at vi lar vere å slipe vekk det naturlege glødeskalet som utviklar seg etter herding og oljebad. Bladet er karbonstål og vil difor ruste om det blir utsatt for fuktigheit og ikkje olja regelmessig.
Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte.
**********
Detaljar | Viking WWC 2025 |
Vekt inkl. slire | 150 gr - Helle |
Stål | Laminert karbonstål - Helle |
Bladtjukkelse | 3,7 mm |
Bladlengde | 110 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk og Eleiko-gummi |
Lengde handtak | 107 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Helle / Eleiko |
Designår | 2025 / Viking-tida |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Something went wrong. Please try again later.