Gro

200007

779,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Helle meiner at enkelt kan vere både vakkert og funksjonelt. Vår nye startknivar Gro og Spire er laga som eit svar på utfordringa: korleis skal ein enkel og funksjonell Helle-kniv vere? 

Med kniven Gro har vi designa og laga ein kniv som er enkel på alle dei riktige måtane. Eit funksjonelt skaft i god vestnorsk bjørk som passar til mellomstore og store hender, med ergonomisk form og solid fingerstoppar. Eit mellomstort blad i solid 12C27 knivstål som er forma for å fungere til det meste ein treng ein kniv til på tur. Og ei flott slire i naturell lær med eit vakkert motiv prega på.

Dette er kniven for alle som ønsker ein solid brukskniv frå Helle, ein kniv ein kan bruke og vekse saman med - og som ein kan seinare kan nytte til å lære vekk det ein sjølv har lært seg. Gjerne til nokon som nyttar ein kniv som liknar.  

Designet er laga med tanke på sparsommeligheit. Dette er ein god, gamal norsk verdi som vi meiner er verdt å ta vare på. Difor har vi brukt gode, tradisjonelle og velutprøvde materiale, og fokusert på å utnytte deira styrker maksimalt. Resultatet talar for seg sjølv. 

 *****

Detaljar Gro
Vekt 140 g
Stål Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 93 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Olja bjørk
Lengde handtak 105 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2021

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

🖨️ Skriv ut som PDF
Open here

Last ned

Customer Reviews

Based on 8 reviews
63%
(5)
13%
(1)
25%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
T
Timian Elliot Halvorsen
Ser veldig bra ut

Fint treverk og slira har en fin farge.

S
Sverre P J A Widsteen
Kvalitet

Til den prisen er Gro akeptabel Mvh Sverre Widsteen.

B
Bjarte Høigilt

Nice knife and service

B
Bjarte Høigilt

Nice knife and service

B
Björn Karlsson

Gro

Relaterte produkt


Nyleg viste produkt