Utvær
200600
- Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
- På lager
Utvær var Helle sin første fulltangekniv. Saman med den kjente danske knivdesignaren Jesper Voxnaes ønskte vi å skape ein fulltangekniv som tok dei fine og funksjonelle linjene frå tradisjonelle skandinaviske knivar og tilpasse dei til eit fulltangeformat. Historia har i ettertid synt at vi lukkast godt.
Utvær er i dag ein av våre mest populære modellar. Kniven syner at det er fullt mogeleg å bevare linjene og dei komplekse vinklane frå tradisjonell skandinavisk knivkultur i eit fulltangeformat - så lenge ein gjer mykje av jobben for hand.
Skaftet på Utvær er kanskje det skaftet som vi pussar mest av for hand. Dette på grunn av dei bratte kurvene og komplekse linjene. Skaftet er ikkje spesielt stort, og passar difor best for medium til små hender, sidan ein god del av endestykket er eksponert.
Endestykket er konstruert slik både fordi ein skal kunne nytte det med tennstål, og for at ein skal kunne åpne nøtter og liknande med det.
Bladet er forma som eit ideelt kompromiss mellom kontroll og størrelse, og har ein liten drop-point fram mot tuppen.
Utvær blir frå 2020 levert med ei ny slire i vegetabilsk farga brunt lær der kniven sit ekstra djupt i for trygg oppbevaring. Slira har belteoppheng.
*********
Detaljar | Utvær |
Vekt | 160 g |
Stål | Sandvik 12C27, rustfritt |
Bladtjukkelse | 3,0 mm |
Bladlengde | 105 mm |
Konstruksjon | Fulltange |
Skaftmateriale | Masurbjørk |
Lengde handtak | 105 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Jesper Voxnaes |
Designår | 2014 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.
«Helle», will never dissapoy You. The Blades, is laminated, and gives a perfect temper, and hardness. The Edge, is easy, to «set-up», giving the sharpness, back.
Thank You, Helle. Bring back, the Full Tang. I’m gonna buy One. I’m a Collector, of THIS,superior knives… 😉
Fin kniv, men metallet på enden er for skarpt. Vil potensielt kunne skade buksen den henger i
Super kvalitet og nydelig handtverk, en gave man blir stolt av å gi bort selv i store anledninger.
Veldig fornøyd så langt. Skaftet passer nok ikke noen med store hender, men for middels størrelse sitter den utrolig godt.