Skog
Helle Skog er Helle sin moderne vri på ein klassisk spikkekniv, og ein fin introduksjonkniv til klassisk treskjæring som samstundes fungerer som ein fin turkniv.
Treskjæring har dei siste åra fått ein renessanse som fritidsaktivitet. Om du prøver å lage ei skei frå eit lite stykke tre så forstår du kanskje kvifor. Det er noko særs tilfredsstillande med å skape eit nytt reiskap med berre eit trestykke og eit anna reiskap.
For nokre år sidan vart Helle utfordra av nye spikkarar på å skape ein kniv som kunne brukast både til treskjæring og andre aktivitetar rundt leirbålet. Skog er resultatet. Det ergonomiske handtaket i bøk er forma spesielt med tanke på at ein skal kunne nytte kniven over tid utan å bli sliten i handa. Det sylskarpe bladet i trelagsstål er forma med ein liten fas på ryggen for betre å kunne arbeide med spissen. Til saman blir dette ein kniv som gir eigaren god nok kontroll til å bruke til treskjæring, og samstundes nok størrelse til å kunne nyttast til andre føremål rundt leirbålet ein sein kveld i skogen.
Kniven kjem med ei baksydd slire i vegetabilsk farga brunt lær med belteoppheng.
*********
Detaljar | Skog |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 2,5 mm |
Bladlengde | 76 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Bøk |
Lengde handtak | 107 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Helle |
Designår | 2020 |