Nying
Nying er kanskje den mest klassiske kniven av alle modellar frå Helle. Kniven tok i si tid uttrykket "kortvokst kniv" til nye høgder. Då den kom i 1977 revolusjonerte den tollekniv-sjangeren med å kutte lengda på bladet i to, i tillegg til si nyskapande skaftform.
Handtaket er laga i eit massivt stykke olja masurbjørk som er velproporsjonert i forhold til knivbladet. Innsvingen i fremre del av bladet gir både eit godt tak og beskyttelse mot å skli fram på bladet når ein arbeider med kniven. Bladet er forma med tanke på å gi maksimal kontroll når ein nyttar det.
Kniven blir levert i ei klassisk lærslire med hempe som sikrar kniven i slire og oppheng til belte. Den er dekorert med ei utskjært selburose.
*********
Detaljar | Nying |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 2,7 mm |
Bladlengde | 70 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk |
Lengde handtak | 90 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Tor Indergaard |
Designår | 1977 |