Harding Grønn
2000992
- Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
- På lager
Dette er ein Harding i Helle Spesial-serien: ein spesialversjon av Harding med stabilisert, grønn masurbjørk som midterste del av skaftet. Fargane framhever den naturlege variasjonen i treverket. Berre tilgjengeleg i særs avgrensa serie. Blir levert med slire i brunt lær.
Om Harding
Harding representerer på mange måtar essensen i Helle. Når den kom i 1986 var den ein moderne vri av dei klassiske knivane med samansett skaft. Med sin kombinasjon av mørkt og lyst treverk sette Harding standarden for ein ny generasjon av knivar med samansette skaft. Og originalen er framleis ein av våre mest populære den dag i dag.
Det klassiske, tønneforma skaftet er laga av lag med mørk eik, lær, masurbjørk og ei framplate i rustfritt stål. Bladet er forma med ein liten drop-point, og er i vårt klassiske trelagsstål med ein høgpolert finish. Saman bidrar dette til at dette både er ein perfekt instagramkniv og ein påliteleg kniv som fungerer til alt du treng ein kniv til på tur.
Harding kjem i ei klassisk slire i brunt lær med ein ekstra søm og stropp som låser kniven fast i slira. * Venstrehendt slire tilgjengeleg (bruk kommentarfeltet ved bestilling).
Om Helle Spesial-serien
Helle Spesial-serien er særs avgrensa seriar (mellom 5 og 30 knivar) av nokon av våre bestselgande modellar i nye og eksklusive skaftmateriale og stål. Helle lagar ein slik serie i kvartalet, og både kva modell vi lagar og kva materiale vi nyttar vil variere frå gang til gang.
*****
Detaljar | Harding |
Vekt | 104 g |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 3,1 mm |
Bladlengde | 100 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Mørk eik, stabilisert grønn masurbjørk, rustfritt stål, lær |
Lengde handtak | 110 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Erling Opstad |
Designår | 1986 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Something went wrong. Please try again later.
Harding Grønn