Harding Bark

Harding Bark

2000989

1.699,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Dette er ein Harding i Helle Spesial-serien: ein spesialversjon av Harding med lag av bjørkenever som midterste del av skaftet. Bjørkenever er eit tradisjonsrikt skaftmeriale i skandinavisk knivkultur. Det er særs komfortabelt, gir eit godt grep, er vannavvisande og har antibakterielle kvalitetar. Berre tilgjengeleg i særs avgrensa serie. Blir levert med slire i brunt lær. 

Om Harding
Harding representerer på mange måtar essensen i Helle. Når den kom i 1986 var den ein moderne vri av dei klassiske knivane med samansett skaft. Med sin kombinasjon av mørkt og lyst treverk sette Harding standarden for ein ny generasjon av knivar med samansette skaft. Og originalen er framleis ein av våre mest populære den dag i dag.

Det klassiske, tønneforma skaftet er laga av lag med mørk eik, lær, masurbjørk og ei framplate i rustfritt stål. Bladet er forma med ein liten drop-point, og er i vårt klassiske trelagsstål med ein høgpolert finish. Saman bidrar dette til at dette både er ein perfekt instagramkniv og ein påliteleg kniv som fungerer til alt du treng ein kniv til på tur.

Harding kjem i ei klassisk slire i brunt lær med ein ekstra søm og stropp som låser kniven fast i slira. * Venstrehendt slire tilgjengeleg (bruk kommentarfeltet ved bestilling).

Om Helle Spesial-serien

Helle Spesial-serien er særs avgrensa seriar (mellom 5 og 30 knivar) av nokon av våre bestselgande modellar i nye og eksklusive skaftmateriale og stål. Helle lagar ein slik serie i kvartalet, og både kva modell vi lagar og kva materiale vi nyttar vil variere frå gang til gang. 

***** 

Detaljar Harding
Vekt 104 g
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 3,1 mm
Bladlengde 100 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Mørk eik, bjørkenever, rustfritt stål, lær
Lengde handtak 110 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Erling Opstad
Designår 1986



Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 999 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av hCaptcha, og hCaptchas personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

🖨️ Skriv ut som PDF

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Andreas Sollie
Harding Bark

In short, a gem of an everyday knife :-)

Relaterte produkt


Nyleg viste produkt