Ein klassisk favoritt er tilbake i Helle-sortimentet. Futura vart opprinneleg lansert i 2002, og vart raskt populær med sine vakre linjer og funksjonelle droppoint-blad.
Kniven er designa av den tyske Helle-entusiasten Herman Wolf, som såg føre seg ein moderne, skandinavisk brukskniv som ville fungere like godt rundt leirbålet som på jakt. Det særprega skaftet gjer grepet sikkert og godt, mens droppoint-bladet i H3LS gjev utmerka balanse mellom skjerekraft og kontroll.
Slira i brunt lær har ekstra sikring med trykknapp-hempe som går rundt skaftet. Dette sikrar kniva i slira, samstundes som det nydelege masurbjørk-skaftet kjem til sin rett.
****
Detaljar
Futura
Vekt inkl. slire
180 g
Stål
H3LS laminert rustfritt
Bladtjukkelse
3.1 mm
Bladlengde
105 mm
Konstruksjon
Stikktange
Skaftmateriale
Masurbjørk, lær og stålplater
Skaftlengde
115 mm
Sliremateriale
Ekte lær (brunt)
Design
Herman Wolf
Designår
2002
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
🖨️ Skriv ut som PDF
×
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.