Dyre Vaa Kebony
200065
- Fri frakt på alle ordre over 998 kr.
- På lager
Kongekniven er tilbake. Dyre Vaa vart først lansert i 1978 og vart raskt ein åttitalsklassikar i Helle sitt sortiment. Populariteten vaks etter at kniven vart nytta av kong Olav til å åpne Strynefjellsvegen. I anledning at kong Harald besøkte Askvoll kommune (der Holmedal ligg) for første gang den 28. mai 2026, laga vi opp 500 knivar i nya variasjonar av kongekniven. Kong Harald V fekk ein kniv - resten er tilgjengeleg for sal.
Om kniven
Dyre Vaa er ein vakker kniv med eit spesielt uttrykk. Den har eit langt blad i laminert H3LS-stål som er polert og laga med skandinavisk sliping. Bladforma er prega av det er ein "trailing point", der tuppen på bladet er høgare enn skaftet.
Skaftet er av militær kvalitet, med kraftige holkar i messing både foran og bak. I mellom er det lag av lær som beskytter eit skaft i kebony - stabilisert bøk som er farga mørk.
Kniven kjem med ei klassisk slire i okselær der forma følger konturane på kniven. Slira er ikkje sydd, men tredd med eit kraftig lærband.
****
| Detaljar | Dyre Vaa Kebony |
| Vekt inkl. slire |
290 g |
| Stål | H3LS - Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
| Bladtjukkelse |
3 mm |
| Bladlengde | 160 mm |
| Konstruksjon | Fulltange |
| Skaftmateriale | Kebony og messing |
| Skaftlengde | 120 mm |
| Sliremateriale | Ekte lær |
| Design | Helle |
| Designår | 2026 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Something went wrong. Please try again later.