Berget er den første standardmodellen frå Helle nokonsinne med Micarta-skaft. Denne foldekniven er liten og solid, basert på den minste modulen i vår foldeknivserie. Den robuste konstruksjonen og skandi-slipen gjer Berget til den perfekte utandørs EDC-kniven – enkel å ha med i lomma og eit solid verktøy for alle dine utandørseventyr.
Det 55 mm store bladet i 12C27-stål har ei tradisjonell drop-point-form og eit neglehakk for enkel åpning. Den robuste baklåsen og det 2,7 mm tjukke bladet gjer at kniven kjennast og fungerer som ein fastkniv når den er i låst posisjon.
Skaftet er laga av Micarta, noko som skaper eit slitesterkt og komfortabelt handtak som er lett å vedlikehalde. Den litt bua formen på skaftet minner om Heileberget, den flate fjellkjeda med utsikt over Helle sin hjemfjord Dalsfjorden, som også gir modellen namnet sitt. Den slanke og litt bua formen gir Berget eit komfortabelt grep. Skaftet er festa med skruar, og kan enkelt takast av om det treng vask.
Detaljar
Berget - Denim Micarta
Vekt inkl. slire
88 g
Stål
12C27 stainless steel
Bladtjukkelse
2,7 mm
Bladlengde
55 mm
Konstruksjon
Foldekniv
Skaftmateriale
Denim Micarta
Skaftlengde
80 mm
Design by
Helle
Designår
2025
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
🖨️ Skriv ut som PDF
×
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.