Handlevogn
Block

Kontakt og besøk

Både produksjon, lager, marknadsføring, og salsavdelinga til Helle er lokalisert i ein god, gamal murfabrikk nede ved fjorden i den vesle bygda Holmedal, som ligg ved Dalsfjorden i gamle Sogn og Fjordane fylke. 

Vi er særs glade i gjestar! Mellom kl. 10:00 og 15:00 mandag til fredag er det mogleg å vitje fabrikkutsalet på fabrikken. Her kan du handle både gamle og nye knivmodellar, bestikk, kjøkken- og arbeidsknivar så vel som varer frå andre kjente merkevare som representerer same kvalitet som oss i andre produkt som økser og utandørsklede.

Fabrikken vår er på mange måtar eit levande, produserande museum. Vi er stolte over at vi framleis produserer sjølve, og at vi har fagfolk som arbeider dagleg både med stål, tre og lær innanfor dei fire fabrikkveggane våre. Dette syner vi gjerne fram til dei som ønskjer å sjå. Mot førehandsbestilling tilbyr vi guida tur gjennom produksjonen (i grupper på 10 personar). Her fortel vi litt om både fortid og notid, og ein får sjå korleis ein Hellekniv blir til frå start til slutt. Omvisinga kostar 500/1000 kroner avhengig av størrelse på gruppa, og varer omlag 45 minutt. 

NB! Under COVID-19 pandemien er vi ekstra forsiktige, og gjennomfører difor ikkje omvising i produksjonstid. Det er framleis mogleg å forhøyre seg om omvising i feriar og helger. Ta kontakt på 577 33 500 eller post@helle.no

Kontaktinformasjon - A/S Helle Fabrikker

Holmedalsveien 14
6982 Holmedal
Norway

Telefon: +47 577 33 500
E-post: post@helle.no