Fossekallen

201049

999,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Helle Fossekallen er lillesøster til Helle Eggen. Kniven har den samme forma og balansen, men passar betre for mindre hender. Med Fossekallen får du ein liten kniv som passar små til mellomstore hender, men som samstundes er ideell til alle føremål du treng i ein turkniv. Fossekallen kjem no i 12C27-stål.

Det polerte heiltreskaftet i masurbjørk har ein markert mage og ein solid fingerstoppar, noko som gjev eit særs godt grep. Den mørke oljen bidreg til å bringe fram det flotte mønsteret i masurbjørka.

Bladet er laga av vårt laminerte trelagsstål. Dette stålet gir ein sylskarp og solid egg samstundes som det er relativt lett å sette opp igjen om det skulle bli behov for det. Forma på bladet er ideell til både spikking og pølsekutting - og det meste anna ein treng ein kniv til på tur. 

Fossekallen kjem med ei slire i klassisk brunt vegetabilsk lær. Slira er forma med ein trykknapp som klemmer rundt skaftet og held kniven sikkert på plass. 

*****

Detaljar Fossekallen
Stål 12C27 rustfritt
Bladtjukkelse 2,6 mm
Bladlengde 90 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 115 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2009

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

Customer Reviews

Based on 2 reviews
100%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Aud-Marit Netteland

Fossekallen

K
Kim Olsen
Genial fritidskniv

Helle er synonymt med kvalitet og holdbarhet. Knivene deres er upåklagelige.


Nyleg viste produkt