Vake (Masurbjørk)

201720

1.899,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 998 kr.
  • På lager

Helle er stolte av å lansere den nye jakt- og fiskekniven Vake. Vake er designa av produktutviklar og friluftslivslærar Joe Price og er ei slank og minimalistisk tolking av knivtypen «Bird & Trout».

Resultatet er ein slank og elegant fulltangekniv som eignar seg særs godt til jakt og fiske, men som òg fungerer godt til vanlege friluftsoppgåver som spikking og til matlaging. Det fint avsmalna bladet på 89 mm eignar seg særleg godt til presisjonsarbeid som å reinske fisk, gjere opp småvilt og lage mat, medan det ergonomiske skaftet gir eit trygt og komfortabelt grep.

Vake er den første kniven vår med blad i Alleima sitt 10c28Mo2-stål, eit stål som har særs god korrosjonsmotstand og er særs robust sjølv i ei kniv med Vake sine tynne bladprofil. Den avsmala profilen på bladet gir god kontroll når du jobbar med fine, presise kutt.  

Skafter har er slankt og konturert grep. I framkant med bladet flatar forma ut, slik at du får ein god plass til å plassere tommelen. Denne versjonen av Vake har eit skaft i olja masurbjørk, noko som gir kniven eit varmt og individuelt preg. Vi har også ein versjon i Micarta. 

Frå skog til bekk er Helle Vake ein kompakt kniv for fugl og fisk, utvikla for presisjon, kontroll og praktisk bruk i friluft. Kompakt, dugande og laga for føremålet – Vake er utvikla for finarbeidet frå skog til bekk og alt imellom.

Viktige eigenskapar ved Vake:

  • ·        Eignar seg svært godt til jakt og fiske, men òg til vanleg friluftsbruk.
  • ·        Avsmalnande blad med slank profil og god fleksibilitet.
  • ·        Vel skaftmaterialet du ønskjer: Micarta med godt grep eller vakker valbjørk.

*****

Produktdetaljar 1720 Vake
Vekt inkl slire 118 g.
Stål Alleima 10c28Mo2
Bladtjukkelse 2.4 - 1 mm (avsmala mot tuppen)
Bladlengde 89 mm 
Konstruksjon Fulltang
Skaftmateriale Masurbjørk
Skaftlengde 135 mm 
Sliremateriale Ekte lær (vegetabilsk farga brun)
Design Joe Price
Design år 2026


Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 998 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av hCaptcha, og hCaptchas personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.


Nyleg viste produkt