Never

201931

1.699,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 998 kr.
  • På lager

I år har den tradisjonsrike norske knivprodusenten Helle og friluftslivspesialisten Naturkompaniet gått saman om å skape ein vakker kniv – eit klenodium som foreinar element på tvers av skandinavisk kultur. Kniven, som har fått namnet «Never», er utvikla av eit team med designarar frå både Helle og Naturkompaniet. Den er produsert av handverkarar ved Helle-fabrikken i Holmedal, og kombinerer eksklusive material og teknikkar som har blitt brukt og foredla i skandinavisk knivmakeri gjennom generasjonar.

Skaftet har ei klassisk norsk utforming, med eit fyldig midtparti og ein liten fingerstoppar som sørger for at kniven ligg godt og behageleg i handa under bruk. Midtpartiet består av lag på lag med bjørkenever – eit materiale som gir svært godt grep – supplert med detaljar i masurbjørk, grønt lær og reinsdyrhorn i både framre og bakre del av skaftet.

Knivbladet er laga av høgpolert, laminert stål (H3LS), med ein kjerne av karbonstål og eit ytre lag som er både fleksibelt og svært motstandsdyktig mot rust. Det sylskarpe bladet har ein klassisk skandinavisk eggprofil («Scandi Grind»), noko som gjer kniven ideell til dei fleste oppgaver ein møter i naturen. Den brune lærslira er utstyrt med beltehempe, og dekorert med ein prega Helle/Naturkompaniet-logo samt kvite kontrastsaumar.

Never er eit fantastisk materiale til knivskaft; det er naturleg, berekraftig, vannavstøytande og antibakterielt. I tillegg gir det eit svært godt grep, noko som sikrar både komfort og trygg handtering. Metoden som er brukt for å legge bjørkeneveren lagvis i dette skaftet, er ein ny teknikk som skaper unike og svært slitesterke overflater beståande av mange lag med never.

********

Detaljar Never
Vekt 108 g
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 107 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Bjørkenever, masurbjørk, grønt lær og reinsdyrhorn
Lengde handtak 107 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle og Naturkompaniet
Designår 2026

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 998 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av hCaptcha, og hCaptchas personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.


Nyleg viste produkt