I 1975 lanserte Helle ein kniv som på mange måtar endra korleis vi såg på kniv generelt i Skandinavia. I samarbeid med Tor Indergaard skapte vi ein kniv der bladet var berre halvparten så langt som det som var vanleg på den tida. Denne lille nyskapningen fekk namnet Helle Fjording. Modellen bana veg for Nying, og resten – som dei seier – er historie.
Vi markerer 50-årsjubileet for denne delen av Helle-historia ved å dedisere vår 2025 Limited Edition-kniv til Fjording 50 år.
Fjording 50 år tar med seg mange av dei innovative elementa frå det originale designet. Den har det same, korte bladet og det ergonomisk forma skaftet som gjer den perfekt til treskjering. Den kjem også i ei retro-inspirert slire med deksel til kniven, som du kan feste til beltet eller ryggsekken og vite sit trygt på plass.
Samtidig har vi oppgradert materiala i kniven. Mens originalen hadde ei tynnare karbonstål, er bladet til Fjording 50 år laga med vårt tjukkare H3LC-laminatstål. Originalskaftet var eit enkelt bjørkestykke, og no har vi styla det opp og tilført fleire komponentar. Fjording 50 år briljerer med eit samansett skaft i masurbjørk, stabilisert, grøn masurbjørk og lær. Den «Helle-grøne» masurbjørka i skaftet representerer både kor viktig dette designet har vore for merkevara, men også kva nye teknikkar Helle har tatt i bruk i dag. Slira er høgkvalitets, vegetabilsk farga lær i fargen tan.
Fjording 50 år feirar ein viktig del av Helle-historia mens den bringer utføringa in i det 21. århundret. Slik går den naturleg inn i rekka med tidlegare Helle Limited Edition-design.
****
Detaljar
Fjording 50 år - 2025 LTD
Vekt inkl. slire
120 gram
Bladmateriale
3-lags laminert Helle-stål (H3LC)
Bladtjukkelse
2.8 mm
Bladlengde
69 mm
Bladkonstruksjon
Stikktange
Skaftmateriale
Masurbjørk, stabilisert, grøn masurbjørk og lær
Skaftlengde
89 mm
Sliremateriale
Ekte lær (tan)
Design
Helle
Designår
2025
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
🖨️ Skriv ut som PDF
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.