Spire

200006

649,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Hos Helle tar vi læring seriøst. Spire - den minste kniven i vår nye serie startknivar - er laga med tanke på dette. Dette er ein kniv som inviterer til bruk, læring og mestring, men samstundes vektlegg at ein kniv er er eit verktøy som krev respekt. Ein kniv som sår ei spire som kan gro vidare til større utfordringar.

Spire er ein liten kniv designa etter mange av dei samme prinsippa som Helle vektlegg når vi lager knivar for større hender. Skaftet er laga med tanke på ergonomi og passform - det viktigaste med eit skaft er at ein skal ha eit godt grep. Her får små hender plass til fire fingrar med god margin og voksne hender får god plass til tre. Fremst mot bladet er det integrert ein betydeleg fingerstoppar i det olja skaftet av vestnorsk bjørk. 

Bladet er laga i knivstålet 12C27, og er lite og skarpt, slik at sjølv uerfarne brukarar skal føle på kontroll, mestring og glede ved bruk heller enn den frustrasjonen som sløve eller for store knivar fører med seg. Tuppen er runda, men ikkje butt. Designet er slik at fokuset skal vere på å lære seg å bruke kniven skikkelig.

Kniven kjem i ei lærslire i naturellær som er prega med ein illustrasjon av ei plante som spirer. Slira er designa med både eit hakk og ein trykknapp som sikrar at kniven sit godt fast.

Spire er ein kniv som inviterar til seriøs bruk og læring. Den har difor ikkje noko parerstang, ukomfortabelt grep, sløv egg eller butt tupp som mange andre startknivar har. Det er fordi nye brukarar skal lære seg å bruke kniven skikkeleg, og respektere at det er eit verktøy som krev kunnskap og konsentrasjon. Dette meiner vi ein gjer best om ein blir lært opp av andre med knivkunnskap, slik at ein med tid og stunder kan gro vidare til ein større kniv og sende kunnskapen til neste generasjon. 

 *****

Detaljar Spire
Vekt 105 g
Stål Sandvik 12C27 - rustfritt stål
Bladtjukkelse 2,6 mm
Bladlengde 67 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Olja bjørk
Lengde handtak 88 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle
Designår 2021

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

Customer Reviews

Based on 4 reviews
100%
(4)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
P
Peter Sk
Knife for daughter

Good quality knife. Good grip for smaller hands. Sharp and tight

P
Peter Sk
Knife for daughter

Good quality knife. Good grip for smaller hands. Sharp and tight

D
Dagfinn Kristoffersen

Spire

D
Dagfinn Kristoffersen

Spire

Relaterte produkt


Nyleg viste produkt