Nord Sleipner

201670

2.399,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • Kun 2 stk på lager

Vinteren i nord kan vere både lang og kald. Den nye Nord Sleipner matchar den kjensla til fulle. Vi har erstatta det rustfrie 3.7 mm stålbladet på den opprinnelege Nord med eit 4 mm blad i Sleipner-stål.  Skaftforma er den same, revolusjonerande kombinasjonen av to grep - eit frontgrep for finare detaljar, og eit bakre grep for kutting. Den ekstra vekta og tjukkelsen på bladet gjer denne versjonen noko meir retta mot kapping og tyngre bruk. Denne versjonen byr også på kvite foringar og ei svart slire.

Nord er meir enn berre ei retning. Nord representerer styrke, mørket om vinteren og lyset om sommaren. Dei ekstreme endringane i naturen mellom årstider, tilknytninga til naturen og effekten den har på oss. Det er slik vi hjå Helle ser på oss sjølve som ein del av kulturen i nord.

Nord-kniven er utvikla for å møte behova som finns i den skandinaviske villmarka. Den har utspring i knivmakar-tradisjonen hjå Helle, men med Nord har vi tatt ting eitt steg vidare. Kniven kombinerer historia vår med korleis vi har utvikla oss som ein ny friluftsgenerasjon. I dag brukar ein ofte kniv på andre måter enn våre forfedre ville ha gjort. 

Merk: Sleipner er eit verktøystål, og vil derfor ruste om det blir eksponert for fukt over lengre tid. Tørk av bladet etter bruk, og legg jamnleg på eit tynt lag med olje for å beskytte bladet. 

Kniven blir levert med ei slire i svart lær med kvit saum og oppheng for belte, med snorhol oppe og nede.

 Detaljar Nord Sleipner
Vekt inkl slire 450 g
Stål Uddeholm Sleipner
Bladtjukkelse 4 mm
Bladlengde 147 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk og vulkanfiber
Lengde handtak 137 mm
Sliremateriale Ekte lær (svart)
Design Helle
Designår 2024

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

🖨️ Skriv ut som PDF

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)

Nyleg viste produkt