Handlevogn

Viking

999,00 kr

Viking er ein ekte replika av ein Vikingkniv funne ikkje så langt frå der knivfabrikken ligg i dag. Det som fungerte den gang då fungerer også i dag - om ein lagar det skikkeleg.

Handtaket er tønneforma og laga i eit heilt stykke masurbjørk. Som knivar frå vikingtida har den ikkje noko fingerstoppar sidan kniven primært vart nytta til finare arbeid. Bladet er lengre enn hjå lillebroren Saga Siglar, og Viking er difor i enno større grad ein fleirbrukskniv som kan nyttast til det meste ein treng ein kniv til den dag i dag.

Finishen på knivbladet kjem frå at vi lar vere å slipe vekk det naturlege glødeskalet som utviklar seg etter herding og oljebad. Bladet er karbonstål og vil difor ruste om det blir utsatt for fuktigheit og ikkje olja regelmessig.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte. 

**********

Detaljar Viking
Stål Laminert karbonstål  - Helle
Bladtjukkelse 3,7 mm
Bladlengde 110 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 107 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Historisk design / Arne Emil Christensen
Designår År 700 - 1000

 

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
Z
Zydrunas Jasnauskas
Helle Viking 👍

I like my new buy from Helle. Viking knife is exactly what I expected.Curly birch handle is amazing! Several diferent models I alredy have from Helle.The very firstone was purchased 10 years ago and it's at verry good shape still.That's why I am a real fan of Helle knifes.It's realy works for me.Best regards to all Helle team!