Lappland
200070
- Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
- På lager
Lappland har vore vår versjon av den tradisjonelle samiske Leukukniven sidan 1979.
Leukuknivar har lange tradisjonar i nord, og vår versjon er ganske tett opp til dei tradisjonelle blada. Med eit blad på 21,4 cm er dette den av våre knivar med størst blad, noko som gir kniven bra funksjonalitet til hugging. Samstundes er det ikkje noko fingervern, som gir god kontroll når ein skal nytte kniven till å skjære.
Skaftet er tønneforma og laga i olja bjørk, med ein stor messingholk fram mot bladet. Tangen er klinka i ei messingplate bakerst.
Dette er ein kniv som byr opp til bruk i dei fleste situasjonar i villmarka. Det er kanskje difor at Outside Magazine i 2012 sa at dette er ein kniv ein kan stole på i alle situasjonar.
Kniven blir levert med ei solid slire i brunt, vegetabilsk lær med prega naturmotiv på og oppheng til belte.
********
Detaljar | Lappland |
Vekt | 305 g |
Stål | Sandvik 12C27, rustfritt |
Bladtjukkelse | 3,0 mm |
Bladlengde | 214 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Bjørk og messing |
Lengde handtak | 125 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Historisk / Helle |
Designår | 1979 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.
Svært godt fornøyd selv om min drar på åkrene. Kniven er nesten som når jeg kjøpte den, sliren har jeg reparert ett par ganger. Kjøpt i 1982 er den brukt til mye: Kutting av rajer, klyve ved, matlaging og tæljing. Anbefales!
brukt kniven til hogging og job i grisebingen og er veldig fornøyd