201075
Eggen er eit av våre mest ettertrakta produkt. Denne hausten lanserer vi Eggen 12C27 − same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet.
Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din.
Sandvik 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål.
Eggen 12C27 har eit nydeleg skaft fra eitt stykke utvald masurbjørk, kjærleg pussa og polert for hand til ein fløyelsmjuk finish. Skaftet er utstyrt med ein velproporsjonert fingerstoppar for tryggleiken si skuld.
Eggen 12C27 blir levert med ei svart slire i ekte lær med sølvfarga søm som matchar aluminiumsknuppen i enden av skaftet.
*****
Detaljar | Eggen 12C27 |
Vekt |
120 g |
Stål |
Sandvik 12C27 rustfritt stål |
Bladtjukkelse | 2,9 mm |
Bladlengde | 101 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk |
Lengde handtak | 110 mm |
Sliremateriale | Ekte svart lær |
Designer | Gunnar Lothe |
Designår | 1998, ny versjon lansert 2021 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.
Open hereEn super all round kniv! Anbefales!
En super all round kniv! Anbefales!
Perfectly shaped handle for medium hand, and indeed razor sharp
Perfectly shaped handle for medium hand, and indeed razor sharp