201720
Helle er stolte av å lansere den nye jakt- og fiskekniven Vake. Vake er designa av produktutviklar og friluftslivslærar Joe Price og er ei slank og minimalistisk tolking av knivtypen «Bird & Trout».
Resultatet er ein slank og elegant fulltangekniv som eignar seg særs godt til jakt og fiske, men som òg fungerer godt til vanlege friluftsoppgåver som spikking og til matlaging. Det fint avsmalna bladet på 89 mm eignar seg særleg godt til presisjonsarbeid som å reinske fisk, gjere opp småvilt og lage mat, medan det ergonomiske skaftet gir eit trygt og komfortabelt grep.
Vake er den første kniven vår med blad i Alleima sitt 10c28Mo2-stål, eit stål som har særs god korrosjonsmotstand og er særs robust sjølv i ei kniv med Vake sine tynne bladprofil. Den avsmala profilen på bladet gir god kontroll når du jobbar med fine, presise kutt.
Skafter har er slankt og konturert grep. I framkant med bladet flatar forma ut, slik at du får ein god plass til å plassere tommelen. Denne versjonen av Vake har eit skaft i olja masurbjørk, noko som gir kniven eit varmt og individuelt preg. Vi har også ein versjon i Micarta.
Frå skog til bekk er Helle Vake ein kompakt kniv for fugl og fisk, utvikla for presisjon, kontroll og praktisk bruk i friluft. Kompakt, dugande og laga for føremålet – Vake er utvikla for finarbeidet frå skog til bekk og alt imellom.
Viktige eigenskapar ved Vake:
*****
| Produktdetaljar | 1720 Vake |
| Vekt inkl slire | 118 g. |
| Stål | Alleima 10c28Mo2 |
| Bladtjukkelse | 2.4 - 1 mm (avsmala mot tuppen) |
| Bladlengde | 89 mm |
| Konstruksjon | Fulltang |
| Skaftmateriale | Masurbjørk |
| Skaftlengde | 135 mm |
| Sliremateriale | Ekte lær (vegetabilsk farga brun) |
| Design | Joe Price |
| Design år | 2026 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 998 kr.