Didi Galgalu 12C27

200610

2.299,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Didi Galgalu 12C27 er ein stor kniv for store eventyr.  Kniven vart til medan eit team frå Helle reiste Afrika på langs med dei sør-afrikanske 4x4-køyrarane i Voetspore. Dette er ein kniv som tåler mykje juling. 

Kniven er stor, og passar aller best for dei som har medium til store hender. Handtaket er i kebony med messingniter, og er designa for at ein skal kunne jobbe lenge med kniven trass i størrelsen. I enden av skaftet er det ein rørnite som ein kan feste tau eller reim i. Kebony er stabilisert lønn - eit norskutvikla bærekraftig og solid alternativ til eksotiske tresortar som vi er stolte av å bruke i våre knivar. 

Bladet er tynt nok til at det fungerer glimrande til det viktigaste ein kniv skal kunne - kutting og spikking. Samstundes sørger den robuste skandinaviske slipinga for at ein får nok stål bak eggen til at kniven tåler røffare behandling. Det er difor ikkje så rart at dette raskt har blitt ein favoritt i det internasjonale bushcraft- og friluftssamfunnet.

Kniven kjem med ei slire i ekte brunt lær, der kniven sit djupt og sikkert i.

Kniven er oppkalla etter ørkenen Didi Galgalu i Kenya som var endepunkt for Helle og Voetspor si kreative reise. 

*****

Detaljar Didi Galgalu 12C27
Vekt 193 g
Stål Sandvik 12C27, rustfritt
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 135 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Kebony
Lengde handtak 120 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Helle i samarbeid med Voetspore
Designår 2015

 

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 999 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av hCaptcha, og hCaptchas personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

🖨️ Skriv ut som PDF

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)

Nyleg viste produkt