Dette er ulike Sigmund i Helle Spesial-serien: Spesialversjonar av Sigmund med kombinasjonar av ulike, eksklusive skaftmateriale. Fargane framhever den naturlege variasjonen i treverket.
Berre tilgjengeleg i særs avgrensa serie. Kvar kniv er nummerert på bladryggen etter kor mange som er produsert av kvar variant. Blir levert med slire i svart eller brunt lær.
Om modellen Sigmund
Sigmund vart laga for Helle sitt 80-års jubileum i 2012. Her heidra den andre generasjonen den første generasjonen ved Helle ved å utvikle ein kniv som nytta gamle verktøy og design med nye materiale.
Sigmund er ein klassisk turkniv bygd etter malen til dei gamle Fjellknivane til Helle. Den har eit skaft sett saman av lær og ulike tresortar, og eit høgpolert blad som gir ideell balanse mellom kontroll og størrelse.
Sigmund kjem med ei slire i ekte lær med eit trykk som vart brukt på dei originale Fjellknivane frå 50-talet.
Om Helle Spesial-serien
Helle Spesial-serien er særs avgrensa seriar (mellom 5 og 30 knivar) av nokon av våre bestselgande modellar i nye og eksklusive skaftmateriale og stål. Helle lagar ein slik serie i kvartalet, og både kva modell vi lagar og kva materiale vi nyttar vil variere frå gang til gang.
Detaljar
Sigmund Spesial
Vekt
104 g
Stål
Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse
3,0 mm
Bladlengde
107 mm
Konstruksjon
Stikktange
Skaftmateriale
Ulike variantar: Masurbjørk, mørk eik, bøk og stab. surna bøk.
Lengde handtak
107 mm
Sliremateriale
Ekte vegetabilsk lær
Designer
Helle
Designår
2012
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 999 kr.
🖨️ Skriv ut som PDF
×
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.