Alden
200076
- Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
- På lager
Alden er ein mellomstor kniv med eit klassisk design, og gir eit sikkert grep for daglege gjeremål, ute som inne.
Modellen har eit kraftig handtak og passar for medium til store hender. I framkant av det farga masurbjørkeskaftet finn ein to framplater i rustfritt stål som skapar stabilitet, styrke og får kniven til å skine.
Bladet er i 12C27 - eit rustfritt stål spesielt utvikla for knivar. Buen på bladet har ein liten "drop" som gjer kniven ideell til både jakt og friluft.
Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær med Helle-logoen på og med hempe til oppheng i belte. * Venstrehendt slire tilgjengeleg (bruk kommentarfeltet ved bestilling).
Modellen er oppkalla etter øya Alden, som er eit landemerke i havet utanfor Dalsfjorden. Øya har i alle tider blitt brukt som eit navigasjonsmerke til sjøs, og på solskinsdagar skin den like klart som kniven.
****
Detaljar | Alden |
Vekt | 145 g |
Stål | Sandvik 12C27 - rustfritt stål |
Bladtjukkelse | 3,0 mm |
Bladlengde | 105 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk, rustfritt stål, lær |
Lengde handtak | 130 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Gunnar Lothe |
Designår | 2009 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.
Open hereFekk ein slik ein av Statoil med Njord A innskrevet på den eine sida av bladet og mitt eige navn på den andre sida. Har denne og Helle GT. Godt nøgd med dei begge. Ligg godt i handa.
Flott produkt fra heimbyggda