Lappland

200070

1.749,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Lappland har vore vår versjon av den tradisjonelle samiske Leukukniven sidan 1979.

Leukuknivar har lange tradisjonar i nord, og vår versjon er ganske tett opp til dei tradisjonelle blada. Med eit blad på 21,4 cm er dette den av våre knivar med størst blad, noko som gir kniven bra funksjonalitet til hugging. Samstundes er det ikkje noko fingervern, som gir god kontroll når ein skal nytte kniven till å skjære. 

Skaftet er tønneforma og laga i olja bjørk, med ein stor messingholk fram mot bladet. Tangen er klinka i ei messingplate bakerst. 

Dette er ein kniv som byr opp til bruk i dei fleste situasjonar i villmarka. Det er kanskje difor at Outside Magazine i 2012 sa at dette er ein kniv ein kan stole på i alle situasjonar.

Kniven blir levert med ei solid slire i brunt, vegetabilsk lær med prega naturmotiv på og oppheng til belte. 

******** 

Detaljar Lappland
Vekt 305 g
Stål Sandvik 12C27, rustfritt
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 214 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Bjørk og messing
Lengde handtak 125 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Historisk / Helle
Designår 1979

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

Customer Reviews

Based on 2 reviews
100%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
B
Bjørn-Erik Skjøren
God bruksverdi, allsidig. Mye kniv for pengene.

Svært godt fornøyd selv om min drar på åkrene. Kniven er nesten som når jeg kjøpte den, sliren har jeg reparert ett par ganger. Kjøpt i 1982 er den brukt til mye: Kutting av rajer, klyve ved, matlaging og tæljing. Anbefales!

a
aleksander
fonøyd

brukt kniven til hogging og job i grisebingen og er veldig fornøyd


Nyleg viste produkt