Eggen H3LS
200075
- Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
- På lager
Eggen er mykje av det Helle handlar om: eit fungerande bruksverktøy som er enkel på ein elegant måte. Det er difor ikkje så rart at den har vore blant Helle sine internasjonale bestselgarar dei siste 20 åra.
Handtaket, som er forma av eit stykke handpussa og polert masurbjørk, har ein relativt kraftig fingerstoppar som gjer at Eggen fungerer fint både som tur- og jaktkniv. Handtaket er stort nok til at dei fleste hender finn eit komfortabelt grep, mykje på grunn av den betydelege "magen" på undersida av handtaket.
Bladet i laminert Helle-stål er relativt stort med tanke på kniven sin totale vekt, og har ein liten "drop-point" som gjer at kniven også kan brukast til snitting i tillegg til kutting og spikking. Eggen er slik ein allroundkniv av aller beste merke - her får ein mykje kniv for pengane.
Kniven kjem med ei slire i brunt vegetabilsk lær og belteoppheng.
****
Detaljar | Eggen |
Vekt | 120 g |
Stål | Laminert rustfritt trelagsstål - Helle |
Bladtjukkelse | 3,1 mm |
Bladlengde | 101 mm |
Konstruksjon | Stikktange |
Skaftmateriale | Masurbjørk |
Lengde handtak | 110 mm |
Sliremateriale | Ekte vegetabilsk lær |
Designer | Gunnar Lothe |
Designår | 1998 |
Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med vedlikehaldsduk og informasjonshefte.
Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
Send kopi til epost:
Ved å legge inn di epostadresse, stadfester du at du ønskjer å motta PDF frå Helle.
Email is required
Eller last ned:
Something went wrong. Please try again later.