Dele

200800

2.399,00 kr
/

  • Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.
  • På lager

Natur. Mat. Opplevingar. Augeblikk. Minner. Ting som ein kan dele. Ting vi er glade i hjå Helle. Då vi hjå Helle laga vår første kokkekniv på 60 år var det dette vi hadde i tankane. Difor har vi gitt kniven namnet Dele og difor valde vi å dele utviklingsprosessen med Margit Dale.

Dele vart utvikla over ein periode på 24 månader, og vi kan no endeleg stolt seie at vi har laga eit verktøy som bygger bru mellom kjøkkenet sine avgrensingar og naturen sine underverk. Kniven er laga for å motstå tøffe påkjenningar ved utandørs matlaging og sjå bra ut medan den gjer det. Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet –  saman med dei som er viktige for deg.

Namnet Dele med si doble betydning på norsk passar godt inn i vår visjon for den første kokkekniven frå Helle på 60 år. Dette er eit verktøy som skal brukast når du lagar eit måltid – anten rundt bålet, grillen eller på kjøkkenet –  saman med dei som er viktige for deg.

Det høgpolerte knivbladet i 12C27- stål sikrar sylskarp ytelse og enkel oppkutting av all mat du måtte finne på å teste den med. Samstundes har bladet ein tjukk nok rygg til å takle hakking og hardare kutting. Inspirasjon til utforminga av bladet fann vi ved å blande forma til ein tradisjonell europeisk kokkekniv og ein Santoku. Ved å kombinere kvalitetane til desse to kjøkkenknivkulturane, trur vi at vi har funne eit blad med akkurat passe størrelse og form, som gir deg ein god balanse mellom kontroll ved findeling og kraft for større opphakking. Ettersom det er ein kokkekniv, kjem Dele med full flat grind-sliping.

Det ergonomiske skaftet er inspirert av skafta til Helle sine tradisjonelle utandørsknivar, og gir eit komfortabelt og sikkert grep, slik at du kan takle alle kulinariske utfordringar med sjølvtillit. Den flate støtta mellom skaftet og bladet gir eit sikkert frontgrep når du skal hakke lauk eller andre grønsaker. Det fyldige skaftet sikrar samstundes eit komfortabelt grep ved tyngre skjereoppgåver. Skaftet er laga i vårt favorittmateriale masurbjørk. Bjørkeved har gode antibakterielle eigenskapar, ligg godt i handa – og som ein ekstra bonus har det individuelle mønsteret til masurbjørka den funksjonen at ingen knivar ser like ut.

Standardversjonen av Dele kjem med ein bladbeskyttar i lær som du enkelt kan setje på kniven om du planlegg å transportere den  anten du lar den ligge i skuffa, tar den med deg på kulinariske eventyr eller når du skal ut på tur.

Ønskjer du ei oppgradert og eksklusiv slire, har vi laga eit nytt Helle knivetui som passar perfekt til Dele. Denne knivmappa beskyttar heile kniven, og du kan enkelt henge den på veggen på kjøkkenet, hytta eller leirplassen. Knivmappa passar ikkje kun til Dele - men kan brukast som ein oppgradert knivbeskyttar for mange av Helle sine knivmodellar og blir solgt separat. 

****

 Detaljar Dele
Vekt inkl. bladbeskyttar
205 g
Stål Alleima 12C27-stål, polert, 59-61 HRC
Bladtjukkelse
3,0 mm
Bladlengde 160 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk og vulkanfiber-innlegg
Skaftlengde 115 mm
Sliremateriale Ekte lær
Design Helle
Designår 2023

Alle Helle-knivar blir levert i gåveinnpakning med informasjonshefte.

Fri frakt på alle ordre over 1000 kr.

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA, og Googles personvernerklæring og vilkår for bruk gjelder.

🖨️ Skriv ut som PDF

Customer Reviews

Based on 8 reviews
100%
(8)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
J
Johann Brandt
Good quality

I like this knife a lot. Nice balance and the blade is nicely shaped and finished. Nice marbeling in the handle. I hope Helle will make more types of kitchen knives, because they are really good at it!

M
Mark Kurruk
Perfect

This is an incredible piece of art. While only just a bit smaller than my Japanese Santoku it feels much lighter and more nimble. Razor sharp and a joy to use.
Fantastic knife!

M
MATT ENGLAND
Helle Dele is fantastic!

This wonderful knife is the most outstanding chef knif I have ever used. Helle sharp! Stunning looks. A real gem

J
John Walgast

Received as a Christmas gift. Used it to carve prime rib of beef. Cuts like butter. Blade is Helle sharp. Knife is lightweight and thin. Amazing kitchen knife

D
Dylan Blau
So beautiful I feel bad using it.

This knife is seriously so beautiful that I feel bad using it. I just got mine and I am so impressed with how this came out. It’s light but feels powerful. The blade is sharp and cuts like any pro chef knife I’ve used in the kitchen. I am going to order one for my dad today! Thanks Helle for making this awesome new chef knife!

Relaterte produkt


Nyleg viste produkt