Handlevogn

Viking "Den sorte Dame

1.249,00 kr

Spesialversjon av Viking med "den sorte dame" (Helle sitt eige fabrikkspøkelse) gravert i skaftet. Graveringa er basert på kunstnaren Tøddel sitt trykk som er spraymala på veggen av knivfabrikken. Kniven kjem i ein versjon med brun og ein versjon med svart slire. 

Les meir om den sorte dame her.

Generelt om Vikingkniven til Helle:

Viking er ein ekte replika av ein Vikingkniv funne ikkje så langt frå der knivfabrikken ligg i dag. Det som fungerte den gang då fungerer også i dag - om ein lagar det skikkeleg.

Handtaket er tønneforma og laga i eit heilt stykke masurbjørk. Som knivar frå vikingtida har den ikkje noko fingerstoppar sidan kniven primært vart nytta til finare arbeid. Bladet er lengre enn hjå lillebroren Saga Siglar, og Viking er difor i enno større grad ein fleirbrukskniv som kan nyttast til det meste ein treng ein kniv til den dag i dag.

Finishen på knivbladet kjem frå at vi lar vere å slipe vekk det naturlege glødeskalet som utviklar seg etter herding og oljebad. Bladet er karbonstål og vil difor ruste om det blir utsatt for fuktigheit og ikkje olja regelmessig.

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte. 

**********

Detaljar Viking
Stål Laminert karbonstål  - Helle
Bladtjukkelse 3,7 mm
Bladlengde 110 mm
Konstruksjon Stikktange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 107 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Historisk design / Arne Emil Christensen
Designår År 700 - 1000


Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
R
Ronny Ask
“Den Sorte Dame“ The Black Lady

The Black Lady. Local Viking history from the Dalsfjord conveyed in a knife with excellent craftsmanship.