Handlevogn

Wabakimi

1.349,00 kr

Wabakimi er den til no siste kniven vi har designa saman med "Survivorman" Les Stroud. Med kraftig konstruksjon, tjukt blad og avgrensa størrelse er dette den ultimate kniv for den som går på dei litt lengre turane og pushar både seg sjølv og utstyret sitt litt hardare. 

Kniven er - som sin storebror Temagami - konstruert med ei forsterka tange som går gjennom halve skaftet. Dette bidrar til både styrke og stabilitet. Bladet er festa i det solide masurbjørkskaftet med to nitar i messing, og har ein rørnite bakerst som ein kan feste ei reim i. Lengst framme på skaftet er det ein liten fingerstoppar.

Bladet i laminert rustfritt Helle-stål er relativt kort, noko som gir god kontroll på kniven og gjer at du kan bruke meir kraft der det trengst. Samstundes er bladet relativt tjukt - dette er ein kniv som er bygd for å tåle litt juling. 

Kniven kjem med ei klassisk, djuptsittande slire i brunt vegetabilsk lær med belteoppheng.  

Wabakimi er oppkalt etter eit av Les Stroud sine favorittområde i Canada. 

*********

Detaljar Wabakimi
Vekt 135 g
Stål Laminert rustfritt trelagsstål - Helle
Bladtjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 80 mm
Konstruksjon Halvfull tange
Skaftmateriale Masurbjørk, messingnitar
Lengde handtak 115 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Designer Les Stroud
Designår 2018

 

Customer Reviews

No reviews yet
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)