Handlevogn
Block

Vedlikehald - kniv

Våre knivar er laga for å delta på dine eventyr. Sjølv om dei er fine å sjå på er dei difor først og fremst eit verktøy som er laga for å bli brukt. Som alle verktøy fungerer dei best om ein vedlikeheld dei skikkeleg. 

  • Sørg for at kniven din er rein og tørr etter bruk.
  • Skyll av kniven i varmt vatn etter bruk om du brukar kniven din på kjøtt, fisk eller andre stoff som inneheld bakteriar og ureinheiter. Tørk så kniven med ein mjuk klut. 
  • Smør inn handtaket med olje eller voks med jamne mellomrom - helst kvar månad ved regelmessig bruk. Vi brukar kokt linolje på våre knivar. Bivoks er eit godt naturleg alternativ.  
  • Smør inn bladet på kniven med feitt eller olje med jamne mellomrom. Dette er særskilt viktig om kniven din er i karbonstål. 
  • Smør gjerne inn slira med eit fargefritt impregneringsstoff. Lærfeitt fungerer best. Dette vil halde læret smidig og fint.
  • Tørk slira forsiktig i romtemperatur om den blir våt. 
  •  Ikkje tørk treverk eller lær nær eld eller varme for å tørke det fortare.

Skjerpe og slipe

Dei aller fleste av Helle sine modellar har klassisk skandinavisk slip. Dette betyr at det berre er ein vinkel å fokusere på i slipinga, i tillegg til ein mikroslip ytterst på enkelte av våre modellar.

Korleis skjerpe:

  • Plasser slipen på kniven flat mot steinen og jobb med heile bladet, eit drag om gangen. Dra kniven i den retninga som det er naturleg å skjære. 
  •  Jobb med éi side av kniven til du kan kjenne ein liten sliperand på motsatt side. Bytt så til den andre sida og repeter steget over. 
  • Gå over til ein finare stein eller ein lærstropp for å fjerne randa og etablere ein fin egg. 

Stål og tre

Garanti

Den lange vegen heim

Vis alle produkt