Handlevogn
Block

Helle - Livstidsgaranti

Kvar kniv frå Helle kjem med ein livstidsgaranti mot produksjons- og materialfeil. Vi lagar knivar med eit generasjonsperspektiv, og kvalitetsnivået vårt er slik at alle skal kunne kjøpe ein av våre knivar og rekne med at den kan gjere det den skal - lenge.

Samstundes er det viktig at ein nyttar kniven på riktig måte og vedlikeheld den skikkeleg for at ein skal kunne ha ein god kniv frå Helle i generasjonar. Garantien dekkar difor ikkje feil som kjem frå misbruk av kniven eller manglande vedlikehald.

Garantien dekkar ikkje:

  • Skade skjedd ved uhell
  • Materialfeil knytt til dårleg vedlikehald over tid 
  • Normal bruksslitasje
  • Brekkasje på grunn av battonering med stikktangekniv
  • Produkt som er modifiserte etter kjøp

Korleis handtere ei garantisak med eit produkt frå Helle:
Produktet du ønsker å opprette ei garantisak på må:
1. Returnerast til kjøpsplass.
2. Om ikkje dette er mogleg, så kan du fylle ut dette skjemaet og sende det til post@helle.no. 

Ver venleg og merk at Helle ikkje dekkar inngåande frakt på returar. Bruk fraktmetodar med sporing, om ikkje er Helle ikkje ansvarleg om kniven blir borte på veg attende til oss.

Garantien gjeld nytt produkt for gamalt produkt. Om ikkje produktet lenger er tilgjengeleg, har Helle rett til å bytte produktet inn i eit nytt produkt i samme stil og farge.

Garantiavgjersler av Helle er endelege. Berre garantisaker som nytter det offisielle skjemaet over blir behandla. 

Kontakt

Vedlikehald

FAQ